Visjnu, òg stava Vishnu (devanagari विष्णु, Viṣṇu) er ein av dei viktigaste gudane i hinduismen.
Konene hans er Laksjmi og Bhumidevi. Han vert sett på som oppretthaldaren av ordenen i verda, som i hinduismen vert kalla for dharma. Det vil seie at han held på balansen mellom godt og vondt. Dersom det vonde skulle kome til å ta overhand, kjem Visjnu ned i form som ein av hans ti avatarar. Dei to viktigaste avatarane til Visjnu er Rama og Krishna. Han rir på den store ørna Garuda, eller på den enorme slangen Sjesja saman kona si. Visjnu vert gjerne framstilt med fire armar og som ein Gud fylt av kjærleik og medkjensle. Dei som tilber Visjnu, eller former av han, vert kalla visjnuittar og utgjer om lag 70 % av alle hinduane.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Visjnu, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.