Meditasjon er ein teknikk for å konsentrera sinnet, som regel brukt for å utvikla seg andeleg eller roa seg ned.
Han blir særleg brukt i samband med austlege religionar som hinduisme, buddhisme og djainisme, der han har ein svært lang tradisjon.
Under meditasjon er det vanleg å fokusera på éin enkelt ting, som ei staving (som aum), eit mantra (som Na Nach Nachma), eit bilete (som ein mandala), eller eit objekt (som eit levande lys eller sin eigen ande). Det er vanleg å sitja stille i lang tid når ein mediterer, gjerne med krosslagde bein og særleg i den såkalla lotusstillinga, men ein kan òg meditera medan ein ligg eller går.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Meditasjon, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.