Morsdagen er ein «heidersdag» for mødrer. Tidspunktet for dagen varierer frå land til land. I Noreg blir morsdag feira den andre søndagen i februar, det vil seie søndag 12. februar i 2023, og søndag 11. februar i 2024.

Mor med morsdagskort

Bakgrunn

 
Annonse i Helgelands Tidende, Mosjøen 7. februar 1919

Anna Maria Reeves Jarvis, ei ung heimeverande mor frå Appalachane i Nord-Amerika, prøvde i 1858 å betre dei sanitære forholda med det ho kalla «Mothers' Work Day» (norsk: «Mødrers arbeidsdag»). Ho arbeidde med kvinner for å betre dei sanitære forholda for alle partar i den amerikanske borgarkrigen, og i 1868 byrja ho å jobbe for å forsone partane.

Inspirert av arbeidet til Anna Marie Reeves Jarvis skreiv Julia Ward Howe i 1870 «Mother's Day Proclamation» (norsk: «Kunngjering av morsdagen»), men greidde ikkje å få innført «Mother's Day for Peace» (norsk: «Mors fredsdag») som offisiell heilagdag.

Dotter til Anna Maria Reeves Jarvis, Anna Marie Jarvis, kjende til arbeidet både til mora og til Julia Ward Howe. Om lag eitt år etter at mora døydde, heldt Anna Marie Jarvis ei minnestund for henne den 12. mai 1905, og starta så å jobbe for ein offisiell minnedag for mødrer. Den første morsdagen vart feira den 10. mai 1908 i Grafton, West Virginia i kyrkja der Anna Maria Reeves Jarvis hadde undervist søndagsskole. Skikken spreidde seg til 45 statar i USA, og vart erklært offisiell heilagdag på byrjinga av 1912. I 1914 erklærte daverande president, Woodrow Wilson, den første nasjonale morsdagen.

«International Mother's Day Shrine» (norsk 'Den internasjonale morsdagens alter') ligg i Grafton i Vest-Virginia.[1]

Norsk tradisjon

Dagen hennar mor!
Snart har vi dagen hennar mor 9. februar. Han er enno ny hjaa oss, men vi fær vona, at han snart maa bli baade kjend og kjær for oss alle, so dagen kan bli det han er tenkt til – ein festdag – til signing baade for mor og oss.

Signaturen «A.»[2] i Helgelands Tidende 6.2.1920.

I Noreg vart morsdagen offisielt feira første gong i 1919, etter at ein møte i Kristiania 30. november 1918 arrangert etter inititativ frå foreininga «Hjemmenes Vel» varmt hadde slutta opp om initiativet. Møtet vedtok å innby til å feire «mors dag» i Kristiania søndag 9. februar 1919, og oppmodinga vart følgd opp også i andre byar rundt om i landet.[3]. Blant initiativtakarane vart spesielt lærinne Dorothea Scholdager trekt fram; dagen vart innsett for å vende hugen åt dei unge mot heimen.[4] I første omgang var det spesielt religiøse organisasjonar som følgde opp initiativet. Dagen har seinare gått over til å bli ein familiedag, der mor gjerne blir oppvarta med kaffi på senga om morgonen, blomster og kake.

Morsdagen har etter kvart vorte ei stor kommersiell høgtid gjennom marknadsføring av morsdagskake, morsdagsblomstrar og morsdagsgåver. Mange barnehagar og skolar hjelper til med å oppretthalde tradisjonen om feiringa av mor, og set barna til å laga kort og gåver.

Datoar

Dagen blir feira på ulik tid i mange land. Noreg er først ut i kalenderåret.

Andre søndag i februarNoreg
8. marsAlbania, Bosnia-Hercegovina, Bulgaria, Kroatia, Makedonia, Romania, Serbia og Montenegro, Slovenia
Fjerde søndag i fasteIrland, Storbritannia
21. mars (første vårdag)Egypt, Jordan, Libanon, Syria
Første søndag i maiLitauen, Portugal, Spania, Ungarn
8. maiSør-Korea (Foreldras dag)
10. maimesteparten av Sør-Amerika, Bahrain, Dei sameinte arabiske emiratane, India, Malaysia, Mexico, Oman, Pakistan, Qatar, Saudi-Arabia
Andre søndag i maiAustralia, Belgia, Brasil, Canada, Chile, Danmark, Estland, Finland, Hongkong, Italia, Japan, Kina, Latvia, Malta, Nederland, New Zealand, Peru, Singapore, Slovakia, Sveits, Sør-Afrika, Taiwan, Tyrkia, Tyskland, USA, Austerrike
26. maiPolen
27. maiBolivia
Siste søndag i maiDen dominikanske republikken, Sverige
Første søndag i juni eller siste søndag i maiFrankrike
12. augustThailand (fødselsdagen til dronning Sirikit Kitiyakaras)
15. augustAntwerpen (Belgia), Costa Rica
Andre eller tredje søndag i oktoberArgentina (Día de la Madre)
Siste søndag i novemberRussland
8. desemberPanama
22. desemberIndonesia

Sjå òg

Kjelder

  1. http://www.mothersdayshrine.com
  2. Signaturen A. kan vere Astrid Langjord, som gjekk folkehøgskule på Voss vinteren 1919/1920. Merk at forfattaren i 1920 heldt fast på datoen 9.2., sjølv om den då fall på ein måndag.
  3. Trondhjems Adresseavis 4.12.1918
  4. Hulda Garborg i Den 17de Mai 13. januar 1919

This article uses material from the Wikipedia article Morsdag, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply. (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 3.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
#Wikipedia® is a registered trademark of the Wikimedia Foundation, Inc. Wiki (duhoctrungquoc.vn) is an independent company and has no affiliation with Wikimedia Foundation.