Status i verda: LivskraftigStatus i Noreg: Sterkt truga
Raud skogfrue | |||
Systematikk | |||
Rike: | Planteriket | ||
Klasse: | Einfrøblada | ||
Orden: | Aspargesordenen | ||
Familie: | Orkidéfamilien | ||
Slekt: | Cephalanthera | ||
Art: | C. rubra | ||
Vitskapleg namn | |||
Cephalanthera rubra (Linné) Rich. | |||
Økologi | |||
Habitat: | kalkrik skog | ||
Utbreiing: | Europa, vestlege Asia og nordvestlege Afrika |
Raud skogfrue (Cephalanthera rubra) er ei plante i skogfrueslekta Cephalanthera i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.
Raud skogfrue er, som den nære slektningen kvit skogfrue, ei av dei mest elegante blomsterplantene i Noreg. Planta blir opp mot 50 centimeter høg og har eit glisent aks av raude blomar med raudt midtparti.
Arten finst frå det sørvestlege Europa og Skandinavia austover til Sentral-Asia.
Arten lever i glisen, kalkrik skog, og har nokre få kjende veksestader frå Ringerike til Kragerø, med ein førekomst i Østfold.
Arten er særs sjeldsynt i Noreg, og derfor totalfreda. Han er òg på Norsk raudliste for artar (2021) som sterkt truga (EN), har ein egen handlingsplan, og som ein av svært få artar er han òg verna som prioritert art gjennom eiga forskrift.
Arten finst òg i Sverige (status NT, svensk namn röd skogslilja), i Danmark (CR, dansk namn rød skovlilje) og i Finland (CR, finsk namn punavalkku).
Raud skogfrue (engelsk namn red helleborine) finst på nokre få veksestader i England og er verna gjennom den britiske Handlingsplan for biodiversitet. I den britiske raudlista har arten status som kritisk truga (CR), likeeins lokalt for England.
I Estland (estisk namn punane tolmpea) veks raud skogfrue på øyane og meir spreidd på fastlandet og er rekna som sårbar (VU). I Latvia (latvisk namn sarkanā cefalantēra) er arten svært sjeldan og veks berre ved kysten heilt i nordvest. På den latviske raudlista er han klassifisert som sterkt truga (kategori 1 – draud iznīkšana). I Litauen (litauisk namn raudonasis garbenis) veks raud skogfrue i nokre få populasjonar i sør og søraust og er rekna som sterkt truga (EN).
I Benelux er arten (nederlandsk namn rood bosvogeltje, fransk namn céphalanthère rouge) svært sjeldan og no berre kjend frå ein veksestad. Han har ikkje vore kjend frå Flandern, men er no registrert med eit funn frå 2022. I Vallonia fanst han tidlegare i kalkområda i aust, men er no rekna som utdøydd. I den nederlandske raudlista er arten rekna som sterkt truga (EN, bedreigd), I Belgia er han rekna som regionalt utdøydd (RE, éteint) i Vallonia. I Luxembourg er han rekna som sårbar (VU).
I Sverige er det registrert ein hybrid mellom raud skogfrue og kvit skogfrue (Cephalanthera damasonium × rubra eller Cephalanthera ×otto-hechtii) med svensk namn hybridskogslilja, berre observert på Gotland.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Raud skogfrue, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.