Flandern (nederlandsk Vlaanderen, fransk Flandre) er ein delstat i Belgia.
Han grensar til Nederland, Frankrike og nabodelstatane Vallonia og Brussel.
Flandern | |||
region | |||
| |||
Land | Mal:Landdata Belgia, Frankrike, Nederland | ||
---|---|---|---|
Språk | Flamsk | ||
Flandern 51°00′N 4°30′E / 51°N 4.5°E | |||
| |||
Wiki Commons: Flanders | |||
Flandern er òg namnet på eit landskap eller område mellom Nordsjøen og elva Schelde som er delt mellom provinsen Zeeland sørvest for Schelde i Nederland, provinsane West-Vlaanderen og Oost-Vlaanderen i Belgia og ein del av departementet Nord i Frankrike. Landskapet omfattar fleire sandstrender ut mot havet, fruktbare jordbruksområde i marsklandet innanfor og område prega av livleg handel og industri. Lengre sør er terrenget meir kupert. Dei største byane i Flandern er Gent og Brugge.
Innbyggjarane i Flandern vert kalla flamlendarar. Kulturen der vert rekna som flamsk. Det same gjer språket.
Flandern vart i 864 eit markgrevskap tilknytt Frankrike. I 1384 vart området sameint med hertugdømet Burgund, men frå 1556 underlagt Spania og i 1794 igjen fransk. Belgia og Holland vart sidan samla som Nederlanda, men då belgiarane proklamerte sin eigen nøytrale stat i 1831, inngjekk det meste av Flandern i den.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Flandern, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.