Nederlanda er ei historisk nemning på området dekt av Nederland, Belgia og delar av Nord-Frankrike i dag.
Historia til Nederlanda | |||||
---|---|---|---|---|---|
Bispedømet Liège 985–1790 | Dei burgundiske Nederlanda | Hertugdømet Luxembourg innlemma 1441 | |||
1384–1477 | |||||
Dei habsburgske Nederlanda 1477–1556 | |||||
Dei spanske Nederlanda 1556–1581 | |||||
Dei spanske Nederlanda | Dei sameinte Nederlanda 1581–1795 | 1581–1713 | |||
Dei austerrikske Nederlanda | 1713–1790 | ||||
Det sameinte Belgia | 1790 | ||||
Bispedømet Liège 1790–1795 | Dei austerrikske Nederlanda | 1790–1794 | |||
Den franske repulikken | Den bataviske republikken 1795–1806 | 1795–1804 | |||
Det franske riket | Kongedømet Holland 1806–1810 | 1804–1815 | |||
Det sameinte kongedømet Nederland 1815–1830 | Storhertugdømet Luxembourg | ||||
Kongedømet Belgia sidan 1830 | Kongedømet Nederland sidan 1830 | (i personalunion med Nederland til 1890) |
Omgrepet omfattar dei lågtliggande områda rundt elvedeltaet til Rhinen, Scheldt og Meuse. Viktige byar var Liège, Leuven, Mechelen, Antwerpen, Brussel, Ypres, Gent og Utrecht.
Namnet oppstod på 1200-talet. Ettersom det passar dårleg med dagens landegrenser er «Nederlanda» stort sett brukt i historisk samanheng, medan «Benelux», som omfattar Belgia, Nederland og Luxemburg, har teke over i moderne språkbruk.
Landa var bundne saman av nærleik til Nordsjøen og dermed handel, og utviklinga av den første industrien i Europa; produksjon av ullstoff. Innbyggjarane snakka mellomnederlandsk (dietsch) som seinare skulle utvikla seg til nederlandsk, tysk og engelsk.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Nederlanda, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.