Liège (vallonsk Lîdje, nederlandsk Luik, tysk Lüttich) er ein stor by i Belgia og ein kommune i Vallonia og Liège.
Byen ligg ved elva Maas nær Belgia si grense mot Nederland og Tyskland, der Maas møter elva Ourthe
Liège | |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Styresmakter | |||||
Land Region Provins | Belgia Vallonia Liège | ||||
Grunnlagd | 558 | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd | 68,65 km² | ||||
Flatevidd - By | 69,39 km² | ||||
Innbyggjarar - By (2006) - folketettleik - Storbyområde | 187 086 2 696/km² 600 000 | ||||
Koordinatar | 50°39′N 05°34′E / 50.650°N 5.567°E | ||||
Høgd over havet | 66 m | ||||
Tidssone - Ved sommartid | UTC+01:00, UTC+2 (UTC) UTC+2 (UTC) | ||||
Diverse anna | |||||
Heimeside: http://www.liege.be/ | |||||
Plassering | |||||
Kart som viser kor Liège ligg i Belgia (raud prikk) |
Liège er den største og viktigaste byen i Vallonia, den fransktalande delen av Belgia. Kommunen Liège inkluderer dei tidlegare kommunane Angleur, Bressoux, Chênée, Glain, Grivegnée, Jupille-sur-Meuse, Rocourt og Wandre.
Sjølve byen Liège hadde i 2006 opp mot 190 000 innbyggjarar, men i området rundt Liège bur det rundt 600 000. Byen er eit av dei store økonomiske og kulturelle sentra i Vallonia, og innbyggjarane er hovudsakleg fransktalande. I tillegg er byen ein stor studentby med meir enn 24 skular og totalt 42 000 studentar (inkludert Universitet i Liège, som vart grunnlagd i 1817, som har 17 000 studentar).
Det var busetnadar her alt i romartida, og Liège vart først nemnd i 558 som Vicus Leudicus.
13. desember 2011 vart fem personar drepne og 125 vart skadde då 33 år gamle Nordine Amrani kasta granatar og avfyrte skot mot sivile på Place Saint-Lambert.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Liège, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.