Økologi er vitskapleg studie av levande organismar, med hovudvekt på samspelet mellom desse og miljøet rundt dei.
Omgrepet vart introdusert av den tyske biologen og filosofen Ernst Haeckel (1834–1919) på midten av 1800-talet og er avleia av dei greske orda oikos ('hus, heim, hushald') og logos ('ord, lære'). Økologi og biologi har nært slektskap, men det tangerer òg mot andre vitskaplege felt, slik som kjemi, fysikk, geologi, geografi og samfunnsvitskap.
Organismar blir påverka både av andre levande vesen, biotiske faktorar, og faktorar som ikkje er levande, eller abiotiske. Nokre abiotiske faktorar er til dømes temperatur, mengd av vatn og kva stoff som finst i miljøet. Nokre biotiske faktorar kan vera større dyr og plantar, sopp og mikroorganismar. Dei kan vera føde, predatorar, konkurrentar eller symbiotiske hjelparar fro kvarandre.
I daglegtale kan ein ofte bruka «økologi» med andre eller avleia tydingar enn den reint vitskaplege. Omgrepet økologisk blir gjerne brukt synonymt med naturleg, miljøvenleg, berekraftig.
Biologi |
---|
anatomi | astrobiologi | biokjemi | bioinformatikk | botanikk | cellebiologi | evolusjonsbiologi | fysiologi | genetikk | genomikk | humanbiologi | marinbiologi | mikrobiologi | molekylærbiologi | abiogenese | paleontologi | parasittologi | taksonomi | utviklingsbiologi | zoologi | økologi |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Økologi, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.