Bibelbeltet

Bibelbeltet er eit kallenamn for regionar i fleire land der misjon og kristen bodskap står sterkt, mellom anna i Nederland, i USA og i dei områda av Skandinavia der den evangeliske protestantismen utgjer ein gjennomgripande del av kulturen.

I USA svarer bibelbeltet til dei amerikanske sørstatane. I kolonitida blei det innført statskyrkje i regionen. Det skjedde i kolonitida, hovudsakleg med påverknad frå anglikanisme eller frå Den engelske kyrkja og presbyteriane i Den skotske kyrkja.

I Nederland

I Nederland strekkjer bibelbeltet seg frå Zeeland i sørvest, gjennom Betuwe og Veluwe, til dei nordlege delane av Overijssel. Også Flevoland har blitt ein del av det nederlandske bibelbeltet. Dette området vart polderisert i perioden 1957-1986. Den ortodokse forma for reformert kristendom som tidlegare prega folkesetnaden ved IJsselmeer fekk snart feste også i dei nye områda - som etter kvart blei ein eigen provins (så seint som i 1986). Den historiske grunnen til det nederlandske bibelbeltet er at katolikkane forfølgde protestantane både under og etter Åttiårskrigen.

I Norden

Bibelbeltet 
Bibelbeltet i Noreg.

I Sverige finst det eit bibelbelte sør om innsjøen Vänern, ved Jönköping der særleg pinsekyrkjelydane står sterke. Dette bibelbeltet held fram i Bohuslän, eit område der frikyrkjene tradisjonelt er sterke. I Danmark er den pietistiske indremission særleg talrik i bibelområdet kring Ringkøbing Fjord i Vest-Jylland. I Noreg bruker ein nemninga om område med mykje folkeleg kristen tru. Det norske bibelbeltet strekkjer seg langs kysten frå Aust-Agder til Møre og Romsdal, eller Vestlandet og Sørlandet.

Referansar

Tags:

Den anglikanske kyrkjaDen engelske kyrkjaKulturNederlandProtestantismenSambandsstataneSkandinaviaStatskyrkje

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Bodø kommuneSjøløverSpaniaJa, vi elsker dette landetBjørkefinkCarl LarssonAlexander KiellandMartin ØdegaardCentral Intelligence AgencyFuerteventuraMolde kommuneHaaretzSjangerVendlandEselLuciano PavarottiNyttårTysklandSilvia av SverigeIvar AasenSophie EliseNasjonaldrikkNorrøntMount EverestBjørnPeriferieininga KardítsaDanmarkNotfiskeE-postWiki CommonsHindugudarPindéos1. divisjon fotball for mennSionistRomandieUbehaget i kulturenFreddie MercuryTutankhamonPhobos i gresk mytologiDet tredje riketNihilismeEllipsoideKarsten WarholmKolPortugisiskJorvikStatsreligionFascismeNordfjordeidTorvastad IdrettslagByar i HellasAnders AuklandKommunevåpen i NoregRaimbaut d'OrangeBerlinblokadenSola kommuneInflasjonVM i friidrett 198323. aprilBrasilSjakkKelvinPodsolTrabzonISO 8601BergenFranskPlatonMesonNato-alfabetetEllen DeGeneresVerdas landVoss heradKallifóni🡆 More