Den anglikanske kyrkja eller Den anglikanske kommunionen er ei fellesnemning på ei rekke kyrkjer som har utspringa sine frå Den engelske kyrkja (Church of England).
Kyrkjene er reformerte men er samstundes prega av katolisismen av di den engelske reformasjonen fekk ei anna form enn den som gjekk føre seg i til dømes Tyskland og Skandinavia. Medan reformasjonen i desse landa var eit fullstendig brot med Den katolske kyrkja og førte til oppretting av ei heilt ny kyrkje, vart reformasjonen i England ei endring av kyrkja si lære. Den engelske kyrkja ser på seg sjølv som den same kyrkja som før reformasjonen og held difor mellom anna fast på apostolisk suksesjon, i motsetnad til dei fleste andre protestantiske kyrkjesamfunna.
Den anglikanske kyrkja er organisert i nasjonalkyrkjer og finst særleg i tidlegare britiske koloniar.
Øvst i Den anglikanske kyrkja står erkebiskopen av Canterbury. Han har inga direkte makt i dei enkelte kyrkjene, men leier samarbeidet mellom dei og er andeleg overhovud.
Kvar nasjonalkyrkje («provins») er leidd av ein primas, som har ulik tittel i dei ulike landa. Som regel er tittelen erkebiskop. Provinsane er delte inn i bispedømme.
Kleresiet har tre nivå: Biskop, prest og diakon. Det er ikkje krav om presteleg sølibat. Kvinner kan ordinerast til diakon i dei fleste provinsane, til prest i mange og til biskop i nokre få.
Nokre av medlemskyrkjene nemner seg som episkopale, det vil seie «biskoplege».
I tillegg til dei regulære medlemskyrkjene, er nokre ikkje-anglikanske kyrkjer i såkalla «full kommunion» (nattverdsfellesskap) med Den anglikanske kyrkja. Gjennom Porvoo-avtala finst òg nattverdsfellesskap med andre kyrkjesamfunn. Mellom dei som signerte avtala finn ein Den norske kyrkja, men statusen er noko uklar av di Den norske kyrkja lèt ikkje-ordinerte teologistudentar feire nattverdsgudstenester, noko som er i strid med avtala.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Den anglikanske kyrkja, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.