Moaørn: Utdøydd art av haukefuglar

Moaørn (Hieraaetus moorei) er ein utdøydd ørneart som levde på Sørøya på New Zealand.

Moaørn
Moaørn
Moaørn
Status
Status i verda: EX Utdøydd
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Haukefuglar Accipitriformes
Familie: Haukefamilien Accipitridae
Slekt: Harpagornis
Art: Moaørn H. moorei
Vitskapleg namn
Harpagornis moorei
Haast, 1872

Ho var den største rovfuglen som har levd i historisk tid. Med ei estimert vekt på 10-18 kilogram var ho monaleg større enn den nest største og framleis eksisterande harpyørn (Harpia harpyja) på 9 kg. Den enorme storleiken er forklart som ein evolusjonær respons på storleiken på byttet, vengelause moafuglar, der den største arten på Sørøya kunne vege 230 kg. Moaørna vart utdøydd rundt år 1400, etter framkomsten av maoriane, som utrydda moafuglane.

Maoriane kalla fuglen Te Pouakai eller Te Hokioi, med det andre namnet føretrekt og sannsynlegvis ein fonetisk ekvivalent til ropet frå fuglen: «Hokioi-Hokioi». Ei gammal maori helleristing viser ein mann med to veldig store, daude fuglar. Medan den eine sannsynlegvis skildrar ein albatross, blir den andre rekna å vere avbilding av ei moaørn.

Skildring

Med hjelp av data frå ei rekkje funn av bein- og fossilfunn, inkludert tre nær komplette skjelett, er det rekna at denne arten hadde ei kroppslengd på 90 til 140 cm, ein masse på opptil 12,3 kg og 17.8 kg for hannfuglar høvesvis hoer. Vengspennet var relativt kort for ein så gigantisk fugl, berre opptil 3,0 meter maksimalt, ei mulig tilpassing til eit levevis inne i skogshabitat.

Den snøgge forsvinninga av dei viktigaste byttedyra, moafuglar, og andre store fuglar utan flygeevne, kan vere hovudgrunnen til at moaørna døydde ut omtrent samstundes med moafuglane. Menneskeleg øydelegging av habitatet kan også ha medverka. Funn av verktøy som er tilverka av bein frå moaørner indikerer at menneske kan ha jakta på moaørna.

Føde og jakt

Moaørn: Skildring, Kjelder, Bakgrunnsstoff 
Samanlikning av klørne til moaørn (øvst) med dei til slektningen småørn (Hieraaetus morphnoides)

Ein studie har funne at moaørna mest sannsynleg føretrekte indre organ frå byttedyra slik som gribbar og kondorar gjer. Men i motsetnad til gribbar, drap moaørna byttet sjølv. Jaktteknikken kunne likne den brukt av harpyørna, ho venta sannsynlegvis på ein høg stad, til dømes i eit tre. Når byttet passerte kasta ho seg på det i høg fart. Byttet til moaørna vart gjennombora med spesielt lange og kraftige klør, og kunne trenge gjennom store bein.

Moaørna fylte ein nisje i det fugledominerte dyrelivet i New Zealand, der det aldri fanst nokre rovdyr på bakken bortsett frå ein gigantisk gekkoart som var rundt 60 cm lang.

Morfologien til arten tilseier at denne ørnearten kunne vere i stand til å åtake barn, maori munnleg tradisjon seier moaørna var ein menneskeetar.

Taksonomi

Julius von Haast gjorde den første vitskaplege skildringa av moaørna i 1872, og kalla ho opp etter George Henry Moore, eigaren av Glenmark-godset der bein av fuglen vart funne. DNA-analysar viser at moaørna var genetisk nært nærståande med dvergørn (Hieraaetus pennatus) og småørn (Hieraaetus morphnoides) og ikkje, som opphavleg mistenkt, til den australske kilehaleørn (Aquila audax). Moaørna utvikla seg for mellom rundt 700 000 og 1,8 millionar år sidan. Auken i kroppsvekt med ein faktor på 10 til 15 i løpet av denne perioden representerer ein av dei raskaste evolusjonære aukane i storleik som nokon gong er observert hos virveldyr.

Kjelder

    Referansar

Bakgrunnsstoff

Moaørn: Skildring, Kjelder, Bakgrunnsstoff  Commons har multimedium som gjeld: Moaørn

Tags:

Moaørn SkildringMoaørn KjelderMoaørn BakgrunnsstoffMoaørnHarpyørnMaorianeMoafuglarNew ZealandSørøya på New ZealandØrn

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Roald AmundsenKristopher SchauMacawiisAndGalileo GalileiTibetansk skriftKvadratkilometerGemyttGeitSpore på hundLike-til-likeLydmålingMax CarlSnikkarJonsokElefantDanmarkInternettStøvsugarErik AndersenDírfys-MessápiaFrangístaOle Asbjørn NessØrjeVoilà av Barbara PraviVerdas naturvernunionKorrespondentSogn og Fjordane fylkeToscakakeAlexandra GjerpenRonja RøverdatterMari BoineRekreasjonNederlandMauser-rifle M98ØresundbruaGasparsundetGösta Adrian-NilssonDampmaskinKvitveisFylkesnummerOslo kommuneMoldedialektBelgiaTrymskvidaMauringPer SivlePlaneten MarsTonsillEM i fotball 1992Sør-KérkyraAfghanistanDygdsetikkVinje kommuneEddadiktLønnEselTsjekkiaNatriumValutaFlaggKarpenísiDaddelMånenBergen kommuneAgnetha FältskogAserbajdsjanGustav VI Adolf av SverigeC++RusslandYIrsk folkemusikk27-årsklubbenRefraksjon🡆 More