Leonhard Euler (15.
april">15. april 1707–18. september 1783) var ein sveitsisk matematikar og fysikar frå Basel. Han er rekna som ein av dei største matematikarane gjennom tidene, saman med til dømes Carl Friedrich Gauss. Leonhard Euler nytta omgrepet «funksjon» (fyrst definert av Leibniz i 1694) til å skildra eit uttrykk med parametrar, altså y = F(x).
Euler var eit barnegeni, fødd og utdanna i Basel. Han arbeidde det meste av livet sitt som professor i matematikk i St. Petersburg, med eit opphald i Berlin. Han ruva i matematikkfaget på 1700-talet, og kom fram til mange sluttingar basert på den nye matematiske analysen. Euler var ein av dei mest produktive matematikarane me har sett, med 75 bind i dei samla verka sine. Dei siste sytten åra av livet sitt, då han skreiv nesten halvparten av dei totale utgjevingane sine, var han totalt blind.
Leonhard Euler døydde i St. Petersburg i 1783. Asteroiden 2002 Euler er oppkalla etter han.
Eulers tal, e, er definert som
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Leonhard Euler, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.