Matematikk

Matematikk: Abstrakt lære om tal, storleik, struktur, forhold, osb.

Matematikk kan lettfatteleg seiast å vera læra om generaliseringar kring tal og rom; aritmetikk, algebra, geometri, topologi og så vidare. Med ein moderne definisjon er matematikk læra om strukturar på mengder. Med ein struktur meiner ein då eit system av samband mellom element i ei mengd, definert ut frå binære operasjonar og ein del aksiom.

Algebraisk geometri ei ei grein av matematikken. Her ei simulering av ei Enzensberger-stjerne.

I matematikk skil me ofte mellom teoretisk matematikk og praktisk matematikk. Førstnemnde tek for seg matematikken i seg sjølv, medan sistnemnde tek for seg bruk av matematikk innanfor fleire andre fagfelt, mellom anna fysikk, økonomi, samfunnsvitskap og biologi.

Matematikk har sitt eige symbolspråk, matematisk språk, som er rimeleg likt og forståeleg for matematikarar i alle land.

Matematikken sitt grunnlag

Matematikkemne

Tradisjonelt vert matematikkemna delt inn i tre greiner: Geometri, algebra og analyse. Denne inndelinga er svært skjematisk i forhold til moderne matematikk, der dei tre kategoriane har smelta saman, mellom anna gjennom analytisk geometri. Likevel vil me her stort sett følgja den klassiske inndelinga.

Diskret matematikk

Diskret matematikk er eit samlenamn for alle matematiske emne som handlar om endelege prosessar, særleg innanfor heiltala. Desse matematiske emna er spesielt relevante innanfor informasjonsteknologi.

Analyse

Analyse er den delen av matematikk som handlar om uendelege prosessar, det vil seia prosessar som gjer nytte av grenseverdisetningar.

Geometri

Geometri/Topologi

Matematisk statistikk

Sannsynsrekning

Matematisk statistikk

Andre emne

This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Matematikk, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply. (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 3.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
#Wikipedia® is a registered trademark of the Wikimedia Foundation, Inc. Wiki (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wikimedia Foundation.

In other languages:

/** SHOW / HIDE SECTION**/function mfTempOpenSection(getID) {var x = document.getElementById("mf-section-"+getID); if (x.style.display === "none") { x.style.display = ""; } else { x.style.display = "none"; }}