Kuwait

(norsk: Kuwait, kuwaitisk)

دولة الكويت
Dawlat al-Kuwait

Det kuwaitiske flagget Det kuwaitiske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Al-nasheed al-watani»
Motto For Kuwait
Geografisk plassering av Kuwait
Offisielle språk Arabisk
Hovudstad Kuwait by
Styresett
Monarki
Mishal Al-Ahmad Al-Sabah
Mohammed Sabah Al-Salem Al-Sabah
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
17 818 km² (154.)
Ubetydeleg
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Folketeljing (2005)
 – Tettleik
 
2 875 422 (139.)
2 213 403
161,4 /km² (54.)
Sjølvstende
Erklært frå Storbritannia
19. juni 1961
Nasjonaldag 25. februar
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
288 800 mill. USD (51.)
83 100 USD (7.)
Valuta Kuwaitisk dinar (KWD)
Tidssone UTC +3
Telefonkode +965
Toppnivådomene .kw


Kuwait (arabisk دولة الكويت), offisielt Staten Kuwait, er eit land i Vest-Asia. Det ligg heilt nord i Aust-Arabia inst i Persiabukta. Landet grensar til Irak og Saudi-Arabia. I 2014 var folketalet i Kuwait 4,1 millionar innbyggjarar. Av desse var 1,2 millionar kuwaitarar og 2,8 millionar utanlandske arbeidarar.

På 1700- og 1800-talet var Kuwait ein blømande handelsstad. Frå tidleg på 1900-talet var det økonomiske nedgangstider der, og før 1934 hadde Kuwait mista si verd som knutepunkt for handel over større avstandar. Økonomien i Kuwait vart øydelagd av fleire handelsblokadar, som byrja med blokaden til Det britiske imperiet i den fyrste verdskrigen. Etter Kuwait-Najd-krigen i 1919–1920 innførte Saudi-Arabia ein handelsblokade mot landet frå 1923 til 1937.

Det vart oppdaga olje i landet i 1938. Frå 1946 til 1982 vart landet kraftig modernisert. I 1980-åra opplevde Kuwait ein periode med geopolitisk ustabilitet, og ei økonomisk krise fylgde eit børskrakk. I 1990 vart Kuwait invadert av Irak. Den irakiske okkupasjonen vart avslutta i 1991 etter Golfkrigen der USA leia styrkane. Mot slutten av krigen vart det gjort store freistnader på å betre økonomien og byggje opp att den nasjonal infrastrukturen.

Kuwait er eit konstitusjonelt emirat med ein høginntektsøkonomi, som er støtta av den sjette største oljereserven i verda. Kuwaitisk dinar er den høgast verdsette valutaen i verda. Landet er rangert høgt samanlikna med resten av regionen når det gjeld borgarrettsvern, pressefridom og konstitusjonalisme. I nyare år har politisk ustabilitet hindra økonomisk diversifisering i landet.

Historie

Tidleg historie

I 1613 vart Kuwait by grunnlagd. I 1716 slo bani utubar seg ned i Kuwait. Då utubane kom til området, budde det berre nokre få fiskarar i Kuwait og staden var hovudsakleg berre ein fiskelandsby. På 1700-talet blømde Kuwait og vart snøgt det viktigaste handels-senteret for gjennomfart av varer mellom India, Flugat, Bagdad og Arabia. Midt på 1700-talet hadde Kuwait allereie hevda seg som ein del av den store handelsruta frå Persiabukta til Aleppo.

Under den persiske kringsetjinga av Basra i 1775–1779 søkte irakiske kjøpmenn tilflukt i Kuwait, og dette var ein av grunnene til utvidinga av båtbygginga og handelsaktiviteten i Kuwait. Resultatet av dette var at sjøhandelen til Kuwait auka kraftig. Mellom åra 1775 og 1779 gjekk indiske handelsruter til Bagdad, Aleppo, Smyrna og Konstantinopel innom Kuwait. Det britiske austindiske kompaniet vart avleidd til Kuwait i 1792. Det britiske austindiske kompaniet trygde sjørutene mellom Kuwait, India og austkysten av Afrika. Etter at persarane trekte seg ut av Basra i 1779, heldt Kuwait fram med å trekkje handel bort frå Basra.

Kuwait var eit senter for båtbygging i Persiabukta. Seint på 1700-talet og på 1800-talet var det fartøy laga i Kuwait som førte det meste av varene mellom India, Aust-Afrika og Raudehavet. Kuwaitiske fartøy var kjende over heile Indiahavet. Regional og geopolitisk turbulens var medverkande til aukande velstand i Kuwait på andre halvdel av 1700-talet. Kuwait vart velståande på grunn av ustabiliteten i Basra seint på 1700-talet. Seint på 1700-talet fungerte Kuwait delvis som ei trygg havn for kjøpmenn som flykta frå osmansk forfylgjing i Basra. Ifylgje Palgrave fekk kuwaitarane ord på seg som dei beste sjømennene i heile Persiabukta.

Under styret til Mubarak Al-Sabah vart Kuwait kalla «Golfen sitt svar på Marseille» fordi dei gode økonomiske tilhøva trekte til seg mange slags folk. Tidleg på 1900-talet vart Kuwait langt mindre viktig økonomisk sett i regionen, hovudsakleg på grunn av mange handelsblokadar og depresjon i verdsøkonomien. Før Mary Bruins Allison vitja Kuwait i 1934 hadde Kuwait mista statusen det hadde hatt i langdistansehandel. Under den fyrste verdskrigen innførte Det britiske imperiet ein handelsblokade mot Kuwait fordi regenten i Kuwait støtta Det osmanske riket. Den britiske handelsblokaden gjekk hardt ut over økonomien til Kuwait.

Den store depresjonen påverka òg den kuwaitiske økonomien negativt frå seint i 1920-åra. Internasjonal handel var ein av hovudinntektskjeldene til Kuwait før dei fann olje. Kuwaitiske kjøpmenn var hovudsakleg mellomledd. Då europearane ikkje i like stor grad etterspurde varer frå India og Afrika, leid økonomien til Kuwait. Nedgangen i internasjonal handel førte til auka gullsmugling på kuwaitiske skip til India. Somme kuwaitiske handelsfamiliar vart rike av denne gullsmuglinga. Perleindustrien i Kuwait kollapsa òg under den verdsomfattande, økonomiske depresjonen. Då den kuwaitiske perleindustrien var på høgda, leia dei luksusmarknaden i verda, og sende regelbunde ut melom 750 og 800 skip for møte trongen til den europeiske eliten for perler. Under den økonomiske depresjonen var etterspurnaden etter luksusvarer som perler låg. I tillegg førte den japanske oppfinninga av kulturperler til at den kuwaitiske perleindustrien kollapsa.

Etter Kuwait–Najd-krigen 1919–1920 innførte Ibn Saud ein handelsblokade mot Kuwait frå 1923 til 1937. Målet for dei saudiarabiske økonomiske og militære åtaka mot Kuwait var å leggje under seg så mykje av området til Kuwait som råd. Under Uqair-konferansen i 1922, vart grensene til Kuwait og Najd fastsette. Kuwait hadde ingen representantar under Uqair-konferansen. Ibn Saud overtydde sir Percy Cox om å gje han to tredelar av territoriet til Kuwait. Meir enn helvta av Kuwait vart tapt på grunn av Uqair. Etter Uqair-konferansen, var Kuwait framleis underlagt saudiarabisk handelsblokade og stundom militære raid.

I 1937 skreiv Freya Stark om omfattande fattigdom i Kuwait på den tida:

Fattigdomen har breidd om seg i Kuwait i langt større grad enn då eg vitja staden for fem år sidan, både til sjøs, der perlehandelen framleis er i tilbakegang, og på land, der blokaden til Saudi-Arabia no går ut over kjøpmennene.

Tidleg i 1930-åra drog somme handelsfamiliar frå Kuwait på grunn av dei harde tidene. Då det vart oppdaga olje i 1937, levde dei fleste av innbyggjarane i Kuwait i fattigdom.

Gullalderen (1946–82)

Frå 1946 til 1982 opplevde Kuwait ein aukande velstand som var driven av olje og liberal atmosfære. På folkemunne vert åra mellom 1946 og 1982 kalla «Gullalderen». I 1950 vart det sett i gang store offentlege byggjeprosjekt som betra levestandarden til kuwaitarane. I 1952 var landet vorte den største oljeeksportøren i Persiabuktområdet. Denne massive veksten trekte til seg mange utanlandske arbeidarar, særleg frå Palestina, Egypt og India. I juni 1961 vart Kuwait sjølvstendig då det britiske protektoratet enda og sjeik Abdullah Al-Salim Al-Sabah vart ein emir. Etter å ha fått ny grunnlov heldt Kuwait det fyrste parlamentsvalet sitt i 1963. Kuwait var den fyrste av golfstatane som fekk ei grunnlov og eit parlament.

I 1960- og 1970-åra var Kuwait det mest utvikla landet i regionen. Kuwait var ein pioner i Midtausten innan diversifisering av inntektene dei fekk frå oljeeksporten. Den kuwaitiske investeringsfondet er det fyrste statlege investeringsfondet i verda. Frå 1970-åra og frametter skåra Kuwait høgast av alle dei arabiske landa på Human Development Index. Kuwait universitet vart skipa i 1966. Teaterindustrien i Kuwait var velkjend over heile den arabiske verda.

I 1960- og 1970-åra vart det hevda at Kuwait var det landet i verda som hadde størst pressefridom. Kuwait var ein pioner innan den litterære renessansen i den arabiske regionen. I 1958 vart magasinet Al Arabi publisert fyrste gongen, og vart det mest populære magasinet i den arabiske verda. Mange arabiske forfattarar flytte til Kuwait på grunn av ytringsfridomen der, som var større enn andre stader i den arabiske verda. Kuwait vart ein fristad for forfattarar og journalistar frå alle stader i Midtausten. Den irakiske diktaren Ahmed Matar drog frå Irak i 1970-åra og søkte tilflukt i det meir liberale miljøet i Kuwait.

Det kuwaitiske samfunnet omfamna liberale og vestlege haldningar gjennom 1960- og 1970-åra. Dei fleste kuwaitiske kvinner gjekk ikkje med hijab i desse åra. På Kuwait universitet var miniskjørt meir vanleg enn hijab.

1980-åra til i dag

Tidleg i 1980-åra opplevde Kuwait ei stor økonomisk krise etter Souk Al-Manakh-krakket og fall i oljeprisen.

Under Iran-Irak-krigen støtta Kuwait Irak. Gjennom 1980-åra var der fleire terroråtak i Kuwait, mellom anna bombingane i Kuwait i 1983, kapring av fleire fly frå Kuwait Airways og attentatforsøk mot emir Jaber i 1985. Kuwait var eit regionalt senter for vitskap og teknologi i 1960- og 1970-åra, og fram til tidleg i 1980-åra, og den vitskaplege forskingssektoren leid kraftig av desse terroråtaka.

Kuwait 
Oljebrannar i Kuwait i 1991, som fylgje av den brende jords-taktikken til irakiske militære styrkar då dei trekte seg attende frå Kuwait.

Etter at Iran-Irak-krigen var over avslo Kuwait eit irakisk krav om å ettergje ei gjeld på 65 milliardar amerikanske dollar. Ei økonomisk rivalisering fylgde mellom dei to landa etter at Kuwait auka oljeproduksjonen sin med 40 %. Spaninga mellom dei to landa auka endå meir i juli 1990, då Irak klaga til OPEC og hevda at Kuwait stal olje frå eit felt nær grensa med å bore på skrå frå Rumaila-feltet.

I august 1990 invaderte og annekterte irakiske styrkar Kuwait. Etter ei rekkje mislukka diplomatiske tingingar, leia USA ein koalisjon for å fjerne dei irakiske styrkane frå Kuwait, i det som er vorte kjend som Golfkrigen. Den 26. februar 1991 klarte koalisjonen å drive dei irakiske styrkane bort. Då dei trekte seg ut, nytta irakiske styrkar den brende jords taktikk og sette oljebrunnane i Kuwait i brann. Under den irakiske okkupasjonen vart meir enn tusen sivile kuwaitarar drepne. I tillegg vart meir enn 600 kuwaitarar sakna under okkupasjonen, og leivningane etter kring 375 menneskje vart funne i massegraver i Irak.

I mars 2003 var Kuwait springbrettet for den USA-leia invasjonen av Irak. Då emir Jaber døydde tok Saad Al-Sabah over etter han, men på grunn av den dårlege helsa hans vart han fjerna etter ni dagar av det kuwaitiske parlamentet. Dernest vart Sabah Al-Sabah svoren inn som emir. I åra 2011 og 2012 var det ei rekkje kuwaitiske demonstrasjonar med ynske om nye reformer. Parlamentet vart oppløyst i desember 2011 på grunn av demonstrasjonar mot parlamentet. Statsministeren gjekk av.

I juni 2015 fann det stad eit sjølvmordsbombeåtak utanfor ein sjiamuslimsk moské. Det var det største terroråtaket i den kuwaitiske historia.

Politikk

Kuwait er eit konstitusjonelt emirat med eit halvdemokratisk politisk system. Emiren er statsleiar. Det hybride politiske systemet er delt mellom eit valt parlament og utpeikt regjering (dominert av den regjerande familien).

Den kuwaitiske grunnlova vart kunngjort i 1962. Kuwait er av dei friaste landa i Midtausten når det gjeld borgarrettar og politiske rettar. Freedom House har rangert landet som «Delvis fritt» i Freedom in the World-undersøkinga. Kuwait er det einaste av Golfstatane som har denne rangeringa.

Menneskerettane i Kuwait har likevel vore utsett for kritikk, særleg når det gjeld rettane til utanlandske arbeidarar og bidun (statslause). Utlendingar utgjer 70 % av innbyggjartalet i Kuwait. Kafalasystemet gjer at arbeidarane er utsett for utnytting. Menneskerettsorganisasjonar har kritisert Kuwait for ikkje å verne dei utanlandske arbeidarane mot utnytting.

Media

Media i Kuwait vert kvart år klassifisert som «delvis fritt» i Freedom of Press-undersøkinga til Freedom House. Media i Kuwait er det friaste i heile Golf-regionen. Kuwait har meir eller mindre alltid vore rangert med dei friaste media i den arabiske verda.

Sidan 2005 har Kuwait ofte hatt den høgaste rangeringa av alle dei arabiske landa i den årlege Pressefridomindeksen til Reporters Without Borders. I 2009, 2011, 2013 og 2014 vart Kuwait forbigått av Israel som det landet med størst pressefridom i Midtausten. Kuwait er òg ofte rangert som det arabiske landet med størst pressefridom av Freedom House.

Kuwait produserer fleire aviser og magasin per innbyggjar enn grannelanda. Det er likevel avgrensingar i pressefridomen i Kuwait, og kritikk av regjeringa og dei regjerande familiemedlemene er lov, men mange folk er vortne arresterte for å ha sverta emiren. Ifylgje den kuwaitiske grunnlova er det eit lovbrot å kritisere emiren.

Rett

Kuwait fylgjer eit sivilrettssystem som er basert på det franske rettssystemet, og rettssystemet er i stor grad sekulært. Sjarialover omfattar berre familierett for muslimske innbyggjarar, medan ikkje-muslimar i Kuwait har ein sekulær familierett. Innan familieretten er det med andre ord tre separate rettsområde: sunni, sjia og ikkje-muslimsk. Ifylgje Dei sameinte nasjonane er rettsystemet i Kuwait ei blanding av britisk sedvanerett, fransk sivilrett, egyptisk sivilrett og islamsk rett.

Rettsystemet i Kuwait er sekulært. I motsetnad til dei andre Golfstatane har ikkje Kuwait sjariarettar, utanom for familieretten. Kuwait har den mest sekulære handelsretten i Golfen.

Utanrikspolitikk

Kuwait 
Plasseringa til diplomatiske sendebod frå Kuwait: ██ Kuwait ██ Ambassade

Utanrikssakene i Kuwait vert handtert av Utanriksdepartementet. Det fyrste utanriksdepartementet vart skipa i 1961 då landet fekk sjølvstende. Kuwait vart det 111. medlemslandet i Dei sameinte nasjonane i mai 1963. Det har lenge vore medlem i Den arabiske ligaen og Golfrådet.

Før Golfkrigen var Kuwait den einaste «pro-Sovjet»-staten i Golfen. Kuwait fungerte som ein kanal for sovjetarane til andre Golfstatar og Kuwait vart brukt til å demonstrere føremonene med å støtte Sovjet. Mellom 1961 og 1991 hadde Kuwait eit uroleg forhold til USA, prega av mistru og fiendskap. I juli 1987 nekta Kuwait USA å ha militærbasar i landet. Som fylgje av Golfkrigen har tilhøvet mellom Kuwait og USA betra seg kraftig og i dag er det tusenvis av amerikansk militærpersonell og entrepenørar aktive på amerikanske anlegg. Kuwait er ein av dei næraste allierte til USA i Midtausten og den arabiske verda.

Forsvaret

Det kuwaitiske forsvaret har spor attende til kuwaitiske kavaleristar og infanteristar som brukte å verne Kuwait og grensene sidan tideg på 1900-talet. Desse kavaleristane og infanteristane danna forsvaret og tryggingsstyrkane i storbyområda og rykte ut for å verne utpostane utanfor muren kring Kuwait.

Det kuwaitiske forsvaret er sett saman av fleire fellesstyrkar. Styreorgana er det kuwaitiske forsvarsdepartementet, innanriksdepartementet, den kuwaitiske nasjonalgarden og det kuwaitiske brannvesenet. Emiren i Kuwait er øvstkommanderande for heile forsvaret.

Geografi

Kuwait 
Satellittbilete av Kuwait

Kuwait by ligg ved Kuwaitbukta, ei naturleg djupvasshamn. 90 % av innbyggjarane i Kuwait bur langs kysten av Kuwaitbukta. Landet er generelt lågtliggjande og det høgaste punktet er berre 306 meter over havet. Landet har ni øyar, og av desse er berre Failaka busett. Med eit område på 860 km², er Bubiyan den største øya i Kuwait og ho er knytt til resten av landet med ei 2380 meter lang bru. Berre 0,6 % av landet vert rekna som dyrkbart med tynn vegetasjon langs den 499 km lange kystlina.

Burganfeltet i Kuwait har ein total kapasitet på kring 70 milliardar fat olje. Under oljebrannane i Kuwait i 1991 var meir enn 500 oljesjøar skapte og dekte i alt eit område på kring 35,7 km². Den påfylgjande ureininga av olje og sot har gjort at austlege og søraustlege ormåde av Kuwait ikkje er eigna for bustader. Sand- og oljerestar har redusert store delar av den kuwaitiske ørkenen til delvise asfaltflater. Oljeutsleppa under Golfkrigen påverka òg i stor grad dei marine ressursane i landet.

Klima

    For meir om dette emnet, sjå klima i Kuwait.

Våren byrjar i mars med varmt vêr og ofte torevêr. Det blæs ofte ein kald nordvestleg vind om vinteren, men om sumaren er han varm. Søraustlege, fuktige vindar blæs opp mellom juli og oktober, medan varme og turre vindar pregar våren og den tidlege sumaren. Sjamalvinden, ein nordvestleg vind som er vanleg i juni og juli, kan føre med seg dramatiske sandstormar. Temperaturen i Kuwait om sumaren held seg over 25 °C. Varmerekorden i Kuwait er 54,4 °C, og dette er òg varmerekorden for heile Asia.

Guvernement

Kuwait er delt inn i seks guvernement. Guvenementeta er vidare delte inn i område.

Økonomi

Kuwait har ein petroleumsbasert økonomi, og petroleum og gjødsel er dei største eksportvarene. Kuwaitisk dinar er den høagst verdsette valutaen i verda. Petroleum utgjer nesten helvta av BNP og 94 % av eksportinntektene og inntektene til staten. Kuwaitbørsen er den nest største børsen i den arabiske verda.

Kuwait var leiande i Midtausten innan å diversifisere inntektene bort frå oljeeksporten. Men landet har slite med å diversifisere økonomien etter Golfkrigen. I nyare år har fiendskapen mellom det valde parlamentet og regjeringa ført til at det er vorte innført økonomiske reformer.

I dei seinare åra har det vore stor igangsetjingsand og ein stor auke i skiping av småindustri i Kuwait. Den uformelle sektoren er òg aukande, hovudsakleg å grunn av populariteten til Instagram-føretak. Mange kuwaitiske entrepenørar nyttar den Instagram-baserte forretningsmodellen.

    Internasjonale porteføljer

Det kuwaitiske investeringsfondet (KIA) er eit statleg investeringsfond i Kuwait som spesialiserer seg på framandinivestering. KIA er det eldste, statlege investeringsfondet. Sidan 1953 har den kuwaitiske regjeringa rett investeringa til Europa, USA og det asiatiske Stillehavsområdet. I 2015 var behaldninga verdsett til 592 milliardar amerikanske dollar i aktiva.

Kuwait er den største utanlandske investoren i den arabiske verda, med 8,4 milliardar USD i FDI-straum i 2013. Kuwait er konsekvent på topp i regionale rangeringar av FDI-straum. I 2013 nesten tredobla Kuwait framandinivesteringane sine. Over dei siste ti åra har Kuwait dobla investeringane sine i Storbritannia til meir enn 24 milliardar USD. I 2014 vart Kuwait den største utanlandske investoren i RMB-marknaden i Kina.

Demografi

Kuwait 
Kuwaitisk ungdom feirar sjølvstendet og frigjeringa av Kuwait, 2011.

I 2014 var folketalet i Kuwait 4,1 millionar menneske. Av desse var 1,2 millionar kuwaitarar, 1,1 millionar arabiske utlendingar, 1,4 millionar asiatiske utlendingar og 76 698 afrikanarar.

Folkegrupper

Utlendingar utgjer 70 % av det samla folketalet i Kuwait. 60 % av innbyggjarane i Kuwait er arabarar (medrekna arabiske utlendingar). I 2013 var det 700 000 indarar, 500 000 egyptarar, 200 000 bangladesharar, 160 000 filipinarar, 140 000 syrarar og 120 000 pakistanarar som budde i Kuwait.

Religion

Dei fleste innbyggjarane i Kuwait er muslimar. Kuwait har òg eit stort samfunn utanlandske kristne (kring 450 000), hinduar (kring 600 000), buddhistar (kring 100 000) og sikhar (kring 10 000). Sjølv om dei fleste innbyggjarane er muslimar, er det ingen offisielle tal, men det er estimert at kring 70 % er sunnimuslimar og 30 % er sjiamuslimar. Somme andre muslimske sekter finst òg i Kuwait, men desse er små og fåtallige. Kring 300-40 av kuwaitiske borgarar er kristne. Kuwait er dimed det einaste landet i Golfrådet, i lag med Bahrain, som har lokale kristne borgarar. Det finst òg eit fåtal bahá'í blant dei kuwaitiske borgarane.

Språk

Det offisielle språket i Kuwait er moderne standardarabisk. Kuwaitisk arabisk er ein kuwaitisk dialekt. Engelsk vert ofte godt forstått og vert mykje brukt som forretningsspråk.

Kultur

Innanfor Golfstatane, er kulturen i Kuwait nærast kulturen i Bahrain. Dette kjem til syne i nære band mellom dei to statane innan aksentar, mat og klede, i tillegg til at dei båe har relativt opne samfunn.

Teater

Kuwait er kjend for det heimeavla teateret sitt. Kuwait er det einaste landet i Golfen med ein teatertradisjon. Teaterrørsla i Kuwait utgjer ein stor del av kulturlivet i landet. Teaterverksemden i Kuwait byrja i 1920-åra då dei fyrste tala dramaverka kom. Teateret er framleis populært i dag.

Såpeopera

Kuwaitisk såpeopera (المسلسلات الكويتية) er blant dei mest sette såpeoperaene i den arabiske verda. Dei vert vanlegvis framførte med kuwaitisk dialekt, og er vorte synte så langt unna som i Tunisia med suksess.

Kunst

Kuwait har den eldste moderne kunstrørsla på Den arabiske halvøya. Frå og med 1936 var Kuwait den fyrste Golfstaten som gav kunststipend. Den kuwaitiske kunstnaren Mojeb al-Dousari vart den fyrste akta biletkunstnaren i Golfregionen. Han vert rekna som grunnleggjaren av portrettkunsten i regionen. I 1943 opna al-Dousari det fyrste kunstgalleriet sitt i Kuwait.

Kuwait har meir enn 20 kunstgalleri. Sultangalleriet var det fyrste kunstgalleriet i Golfregionen. Khalifa Al-Qattan var den fyrste kuwaitiske kunstnaren som heldt si eiga kunstustilling i Kuwait. Han grunnla ein ny kunstteori tidleg i 1960-åra kalla «sirkulisme». Dei mest kjende kvinnelege kuwaitiske kunstnarane er Thuraya Al-Baqsami og Suzan Bushnaq.

Museum

Det finst fleire museum i Kuwait.

Litteratur

Kuwait var ein pioner innan litteraturrørsla i regionen. I 1958 vart magasinet Al Arabi gjeven ut for fyrste gongen, og vart eit av dei mest populære magasina i den arabiske verda. I 1970-åra flytte forfattarar til Kuwait, der dei fekk større ytringsfridom enn andre stader i den arabiske verda.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kuwait  Wiki Commons har multimedia som gjeld: Kuwait
Kuwait  Reiseguide for Kuwait frå Wikivoyage

Tags:

Kuwait HistorieKuwait PolitikkKuwait GeografiKuwait ØkonomiKuwait DemografiKuwait KulturKuwait KjelderKuwait BakgrunnsstoffKuwait

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

NasjonalrettDet franske koloniriketVólosIsaac NewtonDonald TrumpSylvi ListhaugEtanJonas LieISBNVersaillestraktatenVictoria av StorbritanniaLinn UllmannKvitveisUbehaget i kulturenFranz LisztMPer SpelmannHelena BrodtkorbSpeidarrørslaSjøløverTutrakanAtenDet ukrainske alfabetetSildekongeOslo Øst fotballPetter DassKristian ØdegårdKrag-Jørgensen-rifleSophie EliseKardítsaStyresettTausTenaza PeakJohann Sebastian BachKråkebolleJantelovenEikefjord idrettslagJorvikTilsynelatande storleiksklasseBrasilVoss heradSigmund FreudEli Kari GjengedalHepatitt C-virusBo WiderbergHovudsideMouzákiMikke MusGustav ValsvikLavaVictoria av SverigeMaud av NoregHar SedomVM i alpine greiner 2019Snow White and the Seven DwarfsLamíaVerdas lengste skihoppRimSandnessjøenGuvernement i OmanCentral Intelligence AgencyCarles PuigdemontJournalistikkAnatomiske retningsskildringarMesonSauUSAJæren2024🡆 More