Organisasjonen av oljeeksporterande land (engelsk Organization of the Petroleum Exporting Countries, forkorta OPEC) er ein internasjonal handelsorganisasjon som består av land som eksporterer petroleum.
OPEC vart skipa 14. september 1960 i Bagdad i Irak. Frå 1965 har det internasjonale hovudkvarteret til organisasjonen vore i Wien i Austerrike. Føremålet til organisasjonen er å forhandla med oljeselskap om rettar knytt til petroleumsutvinng, prisar, og konsesjonsrettar. Landa som er med i OPEC har ei sams interesse i å halda oppe prisane på petroleumsprodukt, av di inntektene frå eksport av slike produkt utgjer ein stor del av nasjonaløkonomien. Landa som er med i OPEC kontrollerer etter offisielle tal kring 75 prosent av petroleumsressursane i verda. Kring 40 prosent av oljeforbruket i verda kjem frå OPEC-landa.
Organisasjonen av oljeeksporterande land | |||
| |||
The headquarters of OPEC in Vienna | |||
Bransje | Petroleumsverksemd | ||
---|---|---|---|
Skipa | 14. september 1960 | ||
Hovudkontor | Wien | ||
Land | internasjonal | ||
Produkt | petroleum | ||
Nettstad | https://www.opec.org (engelsk) |
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. (2023) |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Organisasjonen av oljeeksporterande land, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.