Persiabukta er ei bukt frå Indiahavet som ligg mellom Iran og Den arabiske halvøya.
Bukta er rundt 1000 km lang og 350 km brei på det breiaste. Gjennomsnittleg djupne er om lag 40 meter, største djupna er rundt 110 meter. Persiabukta er eitt av dei varamaste hava i verda (augusttemperaturen er 35 °C) og ser ofte kraftige stormar. Stor fordamping gjer henne også til eit av dei saltaste havområda i verda.
Inst i bukta ligg Irak og munningen av Shatt al-Arab (Arvand Rud), som blir danna av at Eufrat og Tigris renn saman. I nord grensar ho mot Iran og i sør mot Qatar, Saudi-Arabia, øyriket Bahrain, Dei sameinte arabiske emirata og Oman. Bukta er forbunden med Arabiahavet gjennom Hormuzsundet.
Persiabukta har sidan oldtida vore eit viktig ledd for handel og kontakt mellom middelhavslanda og Austen.
Bukta vert òg kalla Persiagolfen, Den persiske bukta eller Den persiske gulfen. Namnet er omstridd: Panarabistiske rørsler bruker gjerne namn som «Arabiabukta» eller «Den arabiske bukta», medan ho blir kalla Basra-bukta i Tyrkia.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Persiabukta, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.