Dhow er ein båttype som tradisjonelt vart bygd rundt Arabiahavet og Persiabukta.
Han fører eit eller fleire latinske segl, g kan også drivast med årer. Storleiken kan variera frå mindre båtar, 15 til 20 fot, til større havgåande fartøy opp til 300 tonn. Nemninga «dhow» vert ikkje brukt av arabarane, men er truleg ei avleiing frå swahili eller eit gammalt arabisk ord for båt.
Heilt opp til 1960-talet segla det dhower som handelsfartøy mellom Persiabukta og Aust-Afrika. Frakten var for det meste dadlar og tørka fisk til Aust-Afrika og tømmer til landa rundt Persiabukta. Slavar var lenge òg ei viktig handelsvare frå Aust-Afrika til Arabia.
Det finst mange ulike typar dhowar, blant anna ghanja, boom og battil. Båtane kunne ha skrog med flatt akter, eller med ein akterstamn. Eit døme på dhow med akterstamn er boomen, som var svært vanleg i Kuwait.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Dhow, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.