Basra

Basra (arabisk البصرة, al-Baṣrah) er ein by i Irak i Shatt al-Arab mellom Kuwait og Iran.

I 2012 hadde byen kring 1,5 millionar innbyggjarar. Basra er den viktigaste hamnebyen i Irak, sjølv om han ikkje har ei djupvasshamn, som Umm Qasr har.

Basra
البصرة
by
Basra
Basra
Kallenamn: Austens Venezia
Land Basra Irak
Guvernement Basra guvernement
Høgd moh.
Areal 50−75 km²
 - storbyområde 181 km²
Folketal 2 150 000  (2017)
 - storby 2 850 000
Grunnlagd 636 evt.
Tidssone +3 GMT
Retningsnummer (+964) 40

Basra
30°30′54″N 47°48′36″E / 30.515°N 47.81°E / 30.515; 47.81
Wiki Commons: Basra
Nettstad: http://www.basra.gov.iq/

Byen er ein del av den historiske staden Sumer, ein av hamnebyane som Sinbad sjøfararen vitja. Han spelte ei viktig rolle i tidleg islamsk historie og vart bygt i 636 evt. Basra er ofte ein av dei varmaste byane i Irak, og om sommaren går temperaturen ofte over 50 °C. I april 2017 anerkjende det irakiske parlamentet Basra som det økonomiske senteret i Irak.

Namnesoge

Byen har hatt mange namn gjennom historia, der Basrah er det vanlegaste. På arabisk tyder baṣrah «vaktaren», som kan kome av at byen starta som ein arabisk militærbase mot sassanidane. Somme hevdar at namnet kjem frå det persiske Bas-rah, som tyder «der mange stiar møtest». Andre har hevda at namnet kjem frå det arameiske ordet basratha, som tyder «staden med hyttene, busetnad».

Historie

Oldtida

Basra 
Asharelva og basaren kring 1915.
Basra 
Shanasheel er den eldste delen av Basra, 1954.

Den noverande byen vart grunnlagd i 636 som ein leir og garnison for arabarar frå armeane til Rashid-kalifen Umar eit par kilometer sør for dagens by, der ein tell framleis markerer staden. Den muslimske kommandanten Utbah ibn Ghazwan slo styrkane til Sasanideriket der og reiste leiren sin over ein gammal, persisk busetnad kalla Vaheštābād Ardašīr, som vart øydelagd av arabarane. Namnet Al-Basrah, som på arabisk tyder «oversyn» eller «sjåaren av alt», kom av rolla som militærbase mot Sasanideriket. Men andre kjelder meiner namnet kom frå det persiske ordet Bas-rāh eller Bassorāh som tyder «der mange vegar møtest».

I 639 grunnla Umar denne leiren som ein by med fem bydelar, og utpeikte Abu Musa al-Ash'ari som den første guvernøren. Abu Musa leia erobringa av Khuzestan frå 639 til 642 og fekk ordre av Umar om å støtte Uthman ibn Abu al-ʿAs, som då kjempa mot Iran frå ein ny, meir austleg miṣr i Tawwaj. I 650 omorganiserte Rasidun-kalifen Uthman den persiske grensa, og sette ʿAbdullah ibn Amir inn som guvernør i Basra, og sette den sørlege militære greina under Basra sin kontroll. Ibn Amir leia styrkane sine til ein endeleg siger over Yazdegerd III, den sassanidiske kongen av kongar.

I 656 vart Uthman myrda og Ali vart utpeikt som kalif. Ali sette først inn Uthman ibn Hanif som guvernør i Basra, som vart etterfølgd av ʿAbdullah ibn ʿAbbas. Desse mennene heldt byen for Ali fram til han døydde i 661.

Sufjanidane heldt Basra fram til Yazid I døydde i 683. Den første guvernøren til sufjanidane varUmayyad ʿAbdullah, ein vidgjeten militærleiar, som kravde truskap og skattar frå Karballah. I 664 erstatta Muʿawiyah I han med Ziyad ibn Abi Sufyan, ofte kalla «ibn Abihi» («son av far sin»), som vart frykta for det drakoniske styret sitt. Då Ziyad døydde i 673 vart sonen ʿUbaydullah ibn Ziyad guvernør. I 680 gav Yazid I ordre til ʿUbaydullah om å halde orden i Kufa som ein reaksjon på populariteten til Hussein ibn Ali som var barnebarnet til profeten Muhammed. ʿUbaydullah tok over kontrollen av Kufa. Hussein sende syskenbarnet sitt som ambassadør til folket folket i Kufa, men ʿUbaydullah avretta syskenbarnet i frykt for eit opprør. ʿUbaydullah samla ein hær på tusenvis av soldatar og kjempa mot dei kring 70 mennene Hussein hadde hos seg på ein stad kalla Karbala nær Kufa. ʿUbaydullah sigra og Hussein og følgjarane hans vart drepne. Hovuda deira vart sende til Yazid som bevis.

Ibn al-Harith brukte eit år av embetet sitt i eit forsøk på å stogge opprøret til kharijitane under Nafi' ibn al-Azraq i Khuzestan. I 685 kravde Ibn al-Zubayr ein praktisk leiar, og utpeikte Umar ibn Ubayd Allah ibn Ma'mar Til slutt valde Ibn al-Zubayr broren sin Mus'ab. I 686 leia den revolusjonære al-Mukhtar eit opprør i Kufa, og tok livet av ʿUbaydullah ibn Ziyad nær Mosul. Musʿab slo al-Mukhtar i 687 med hjelp av folk frå Kufa som Mukhtar hadde sendt i eksil.

Abd al-Malik ibn Marwan atterobra Basra i 691, og Basra vart verande lojal til guvernøren hans al-Hajjaj under mytteriet til Ibn Ashʿath (699–702). Men Basra støtta opprøret til Yazid ibn al-Muhallab mot Yazid II i 720-åra. I 740-åra fall Basra til as-Saffah av abbasidane.

I tida under abbasidane vart Basra eit intellektuelt senter og var heimbyen til den arabiske polyhistoren Ibn al-Haytham, den arabiske forfattarkjempa al-Jahiz, og Sufi-mystikaren Rabia Basri. Zanj-opprøret til jordbruksslavane i låglandet påverka området. I 871 plyndra Zanj Basra. I 923 invaderte den ekstremistiske, islamske sekta karmatane Basra og øydela byen. Frå 945 til 1055 styrte eit Buyid-dynasti Bagdad og det meste av Irak. Abu al Qasim al-Baridis, som framleis kontrollerte Basra og Wasit, vart slått og landområda deira vart overteken av buyidane i 947. Adud al-Dawla og sønene hans Diya' al-Dawla og Samsam al-Dawla var Buyide-herskarar i Basra i 970- til 990-åra.

Sanad al-Dawla al-Habashi var guvernør i Basra og bygde eit bibliotek på 15 000 bøker.

Basra 
Basra på kvelden.

Mellomalderen

Den store fredagsmoskeen vart bygd i Basra. I 1122 fekk Imad ad-Din Zengi Basra som eit len. I 1126 stoppa Zengi eit opprør og i 1129 plyndra Dabis skattekista i Basra. Eit kart frå 1200 «like før den mongolske invasjonen» syner at abbasidane styrte det nedre Irak og truleg òg Basra.

Assassinen Rashid-ad-Din-Sinan vart fødd i Basra mellom 1131 og 1135.

I 1258 plyndra mongolane under Hulegu Khan Bagdad og enda abbasidestyret. I følgje somme soger kapitulerte Basra for mongolane for å unngå ein massakre. Eit kart hos mamelukkane (1250-1382) syner at Basra var under deira kontroll, medan eit kart over områda til mongolane (1300–1405) syner at Basra var under deira kontroll.

I 1290 braut det ut kampar i Basra blant genuserane, mellom ghibellinarar og guelfarar. I 1327 vitja Ibn Battuta Basra, som då hadde nedgangstider med den store moskeen tre kilometer utafor byen. Han var teken i mot av ein Ilkhanid-guvernør. I 1411 vart jalayiride-leiaren kasta ut av Basra av dei tyrkiske, svarte sauane. I 1523 kryssa portugisarane kommandert av António Tenreiro frå Aleppo til Basra. I 1546 hadde tyrkarane nådd Basra. I 1550 truga portugisarane Basra. I 1624 assisterte portugisarane Basra Pasha i å drive attende ein persisk invasjon. Portugisarane fekk for dette ein del av tollavgiftene og sjølv fri toll. Frå kring 1625 til 1668 var Basra og deltaet omkring styrt av lokale høvdingar som var sjølvstendige frå den osmanske administrasjonen i Bagdad.

Det osmanske riket

Basra 
Arabiske jenter, kring 1917.

Basra var i lang tid eit blømande handels- og kultursenter. Han vart erobra av Det osmanske riket i 1668. Tyrkarane og persarane kjempa stadig om byen og han var åstad for mykje motstandskamp.

Zand-dynastiet under Karim Khan Zand okkuperte ei kort stund Basra etter ei lang kringsetjing i 1775-1779. Zand introduserte sjia-islam i Basra.

I 1911 rapporterte Encyclopædia Britannica at «kring 4000 jødar og kanskje 6000 kristne» budde i Basra, men ingen andre tyrkarar andre osmanske embetsfolk. I 1884 svar osmanarane til det lokale presset frå sjiaene i sør ved å skilje ut dei sørlege distrikta i Bagdad vilayet og skape det nye Basra vilayet.

Verdskrigane

Basra 
Tyrkiske fangar passerer langs breidda av Ashar, nær Whiteleybrua i Basra 1917.

Etter slaget ved Basra i 1914 under fyrste verdskrigen okkuperte britane byen og moderniserte hamna, designa av Sir George Buchanan). Desse britiske handelsinteressene gjorde hamna til ei av dei viktigaste hamnene i Persiabukta med «skips- og handelsvegar til Det fjerne austen».

Under andre verdskrigen var han ein viktig hamneby der mykje utstyr og forsyningar vart sende til Russland av dei andre allierte. Mot slutten av krigen var folketalet i Basra kring 93 000 innbyggjarar.

Etter 1945

Folketalet i Basrah nådde 101 535 i 1947 og 219 167 i 1957. Universitetet i Basra vart skipa i 1964. Innan 1977 hadde folketalet i byen nådd kring 1,5 millionar. Folketalet fall så under den iransk-irakiske krigen, og var under 900 000 seint i 1980-åra, og kan ha vore så lågt som like over 400 000 i dei verste krigsåra. Byen vart stadig bomba av Iran og var åstad for harde kampar, som operasjon Ramadan og operasjon Karbala 5.

Ette krigen reiste Saddam Hussein 99 minnestatuar av irakiske generalar og kommandantar drepne i krigen ved breidda av Shatt-al-arab, der alle peika ein finger mot Iran.

Etter den første Golfkrigen i 1991 oppstod det opprør i Basra mot Saddam Hussein, som slo ned opprøret med vald.

1999: Det andre opprøret

25. januar 1999 sendte eit amerikansk krigsfly missil mot eit sivilt område av byen. Elleve personar omkom og 59 vart skadde. General Anthony Zinni, som då var kommandant for dei amerikanske styrkane i Persiabukta, innrømde at det kunne hende at «eit missil hadde gått feil veg». Men desse tapstala bleikna samanlikna med det som skjedde seinare. Bombinga skjedde ein dag etter arabiske utanriksministrar under eit møte i Egypt nekta å fordømme fire dagar med luftåtak mot Irak i desember 1998. Dette vart skildra av den irakiske informasjonsministeren Human Abdel-Khaliq som å gje USA og Storbritannia «eit arabisk grønt kort» til å angripe Irak.

Eit nytt opprør i 1999 førte til masseavrettingar i og kring Basra. Dei irakiske styresmaktene valde så å neglisjere byen og mykje av handelen vart ført til Umm Qasr i staden. Denne mishandlinga var ei av årsakene som førte fram til invasjonen i 2003.

2003-07: Irakkrigen og okkupasjon

Frå mars til mai 2003 var utkanten av Basra åstad for somme av dei hardaste kampane under invasjonen av Irak i 2003. Britiske styrkar tok byen 6. april 2003 og han vart første stoppestad for USA og Storbritannia under invasjonen.

21. april 2004 vart byen råka av ei rekkje bombeåtak og 74 menneske mista livet. I januar 2005 vart fleire radikale politikarar valde inn i styret av byen, støtta av religiøse parti. Den amerikanske journalisten Steven Vincent, som hadde skrive om korrupsjon og militsaktivitet i byen, vart kidnappa og drepen den 2. august 2005.

19. september 2005 var to britiske SAS-agentar forkledd i arabiske, sivile klede stoppa i ei vegsperring og opna eld mot irakiske politifolk, og tok livet av minst ein. Dei to soldatane vart arresterte og den britiske hæren utførte eit raid mot fengselet dei sat i for å redde dei. Under operasjonen vart fleire personar drepne, mellom anna blant dei allierte irakiske tryggleiksstyrkane.

Britiske styrkar overførte kontrollen av Basra-provinsen til irakiske styresmakter i 2007, fire og eit halvt år etter invasjonen. Ei BBC-undersøking blant dei lokale innbyggjarane viste at 86 % meinte at dei britiske styrkane hadde hat ein negativ innverknad på regionen sidan 2003.

Generalmajor Abdul Jalil Khalaf vart utpeikt som politisjef for å hanskast med den lokale militsen, og talte mot at militsen retta seg inn mot kvinner. I ein samtale med BBC sa han at han dagleg vart utsett for attentantforsøk.

Seinare år

I mars 2008 sette den irakiske hæren i gang ein storoffensiv for å drive Mahdi-hæren ut av Basra. Då oppdraget mislukkast vart både generalmajor Abdul Jalil Khalaf og general Mohan Furaiji fjerna frå stillingane sine i Basra.

Basra skulle opphavleg vere vertsby for Golfcupen i 2014, ei arabisk fotballturnering, i det nye sportsanlegget Basra Sports City. Turneringa vart flytta til Riyadh i Saudi-Arabia, då ein var uroa over tryggleiken.

Geografi og klima

Basra 
Kjøpesenteret Basra Times Square

Basra ligg ved elva Shatt-Al-Arab like før munninga til Persiabukta. Vassvegane i Shatt-Al-Arab og Basra definerer den austlege og vestlege grensa til Basra. Byen har ei rekkje kanalar og elvar, som er viktige jordbruket. Desse kanalane vart ein gong nytta til å transportere varer og folk gjennom byen, men dei siste to tiåra har forureining og låg vassførign gjort at dette ikkje lenger er mogeleg. Basra ligg kring 110 km frå Persiabukta.

Basra har eit heitt ørkenklima (Köppen si klimaklassifisering BWh), som resten av det kringliggande området, men får noko meir nedbør enn innlandet på grunn av plasseringa nær kysten. I sommarmånadane, frå juni til august, er Basra ein av dei varmaste byane i verda og temperaturane går ofte over 50 °C i juli og august. Om vinteren har Basra mildvær med ein gjennomsnittleg dagtemperatur på kring 20 °C. Somme vinternetter kan temperaturen falle under 0 °C. Høg fukt – stundom over 90 % – er vanleg på grunn av nærleiken til dei myrlendte områda kring Persiabukta.

Varmerekorden i byen vart sett 22. juli 2016, då temperaturen nådde 53,8 °C. Dette er ein av dei høgaste temperaturane som er målt på jorda. Den følgjande natta vart ikkje minimumstemperaturen lågare enn 38,8 °C, som er ein av dei høgaste minimumstemperaturane som er registrert.

Vêrdata for Basra
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Høgast målte °C 34 29 39 42 48 51 54 51 49 43 37 30 54
Gjennomsnittleg maks °C 17,7 20 24,5 30,6 36,8 39,7 41,3 41,8 39,9 34,9 27,1 20,3 31,2
Døgnmiddeltemperatur °C 12,2 14,2 18,3 23,9 30,2 32,9 34,3 33,9 31,2 26,4 20,4 14,5 24,4
Gjennomsnittleg min °C 6,8 8,4 12,2 17,2 23,6 26,2 27,4 26,1 22,6 18 13,7 8,7 17,6
Lågast målte °C −1 −5 3 8 16 16 18 21 9 12 3 −6 −6
Gjennomsnittleg nedbør mm 31 21 19 17 5 0 0 0 0 3 23 33 152
Gns. solskinstimar i månaden 186 198 217 248 279 330 341 310 300 279 210 186 3 084
Kjelde: Climate-Data.orgWeather2Travel for regndagar og sol


Demografi

Basra 
Ei khaldeisk-katolsk kyrkje i Basra.

I Basra er det meste av folkesetnaden etniske arabarar frå stammene adnanittane og qahtanittane. Hovudstammene i Basra er Al-Emarah, Bani Mansour, Bani Tamim, Bani Assad, Bani Ka'ab, Bani Malik, Shammar, Bani Khalid, Bani Sa'ad, Al-shwelat `Anizzah, Suwa'id, Al-bo Mohammed, Al-Jboor, Duwasir, Dhufair, Shreefat, Al-Badr, Al-Ubadi, Ruba'ah Sayyid (ætter frå den islamske profeten Muhammed) og hundrevis av andre arabiske stammer.

I tillegg til arabarar finst det samfunn med afroirakiske folk, kalla Zanj. Zanj er ei muslimsk, etnisk gruppe som bur i Irak og er ei blanding av ulike afrikanske folk som vart henta som slavar på 900-talet frå det som i dag er Kenya. I dag utgjer dei 1,5 millionar innbyggjarar i Irak.

Religion

I 2006 utgjorde muslimane i byen 95 % sjia-muslimra og 5 % sunnimuslimar, meni 2014 var 99,3 % sjiaer, 0,4 % sunni og 0,3 % andre. .

Assyrarane vart registrete i osmanske folketeljingar så tidleg som i 1911, og nokre av dei bur i dag i Basra. I dag er det derimot langt fleire enn tidlegare, som har kome til byen som flyktningar frå IS frå Ninevehslettene, Mosul og Nord-Irak. Ein av dei største samfunna av dei før-islamske mandaeanar bur i byen, med hovudsetet i området som tidlegare vart kalla Suk esh-Sheikh. Dei utgjer kring 3 000.

Landemerke

Basra 
Shatt Al-Arab
Basra 
Ali Bin Abi Talib-moskeen
Basra 
Gamle Basrah
  • Den gamle moskeen i Basra, den første moskeen i Islam utafor den arabiske halvøya.
  • Sinbadøya er eit turistmål i midten av Shatt Al-Arab, nær Miinaalmakl, på andre sida av Khaled-brua.
  • Sayabhuset er ruinar av heimen til diktaren BShakir al-Sayyab. Her står det òg ein statue av Sayab, ein av statuane i Basra laga av kunstnaren Kadhum. Denne vart avdekt i 1972.
  • Basra Sports City er det største idrettsanlegget i Midtausten, og ligg i Shatt al-Basra.
  • Palmetreskogar ligg langs breidda av Shatt-al Arab, særskild i den nærliggande landsbyen Abu Al-Khasib.
  • Corniche al-Basra er ei gate som går langs breidda av Shatt al-Arab; frå Babylonløva-plassen til Dei fire palassa.
  • Basra International Hotel (tidlegare Basra Sheraton Hotel) ligg i Corniche-gata. Det er det einaste 5-stjernes hotellet i byen. Hotellet vart herja med under Irakkrigen, men har sidan blitt renovert.
  • Sayyed Ali al-Musawi-moskeen, ligg i sentrum av byen, på Al-Gazear-gata, og vart bygd for sjiaimamen Sayyed Ali al-Moussawi.
  • The Fun City of Basrah, i dag kalla Basra Land, er ein av dei eldste moroparkane sør i landet.
  • Akhoraparken er ein av dei eldre parkane i byen og ligg ved al-Basra-gata.
  • Det er fire tidlegare presidentpalass i Basra.
  • Den latinske kyrkja ligg på 14. juli-gata.
  • Den indiske marknaden (Amogaiz) er ein av dei viktigaste basarane i byen. Det vert kalla den indiske marknaden fordi indiske kjøpmenn held til her på byrjinga av 1900-talet.
  • Hanna-Sheikh Bazaar er ein gammal marknad, skipa av den mektige Hanna-Sheikh-familien.

Økonomi

Basra 
Al Basrah oljeterminal.

Byen ligg langs vassvegen Shatt al-Arab, 55 km frå Persiabukta og 545 km frå Bagdad. Økonomien er i stor grad avhengig av oljeindustrien. Irak har den fjerde største oljereserven i verda og somme av dei største oljefelta i Irak ligg i provinsen. Det meste av oljeeksporten frå Irak går ut frå Al Basrah oljeterminal. South Oil Company har hovudkvarteret sitt i byen.

Mykje av den økonomiske aktiviteten i Basra er sentrert kring petrokjemisk industri, som omfattar Southern Fertilizer Company og The State Company for Petrochemical Industries (SCPI). The Southern Fertilizer Company produserer ammoniakkoppløysing, urea og nitrogengass, medan SCPI foksuerer på produkt som etylene, klor, vinylkloridmonomar (VCM), polyvinylklorid (PVC), polyetylen med låg tettleik og polytelen med høg tettleik.

Basra ligg i eit frodig jordbruksområde, der dei viktigaste avlingane er ris, mais, bygg, perlehirse, kveite, dadlar og husdyr. I lang tid var Basra særskild kjend for den høge kvaliteten på dadlane. Basra vart kjend i 1960-åra for sukkermarknaden.

Skipsfart, logistikk og transport er òg viktige industriar i Basra. Basra har alle dei seks hamnene i Irak: Umm Qasr er den viktigaste djupvasshamna med 22 kaianlegg, der somme er tilpassa spesialvarer (som svovel, frø, smøreolje, etc.) Dei andre fem hamnene er mindre og meir spesialiserte. Fiske var ei viktig næring før oljenæringa tok over. Byen har ein internasjonal flyplass med ruter til Bagdad med Iraqi Airways, det nasjonale flyselskapet.

Idrett

Basra 
Opninga av Basra internasjonale stadion

Byen er heimstad til idrettslaget Al-Mina'a. Basketball-laget til dette idrettslaget er blant dei beste i den arabiske verda.

Venskapsbyar

Basra er venskapsby med:

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Basra  Commons har multimedium som gjeld: Basra

Tags:

Basra NamnesogeBasra HistorieBasra Geografi og klimaBasra DemografiBasra LandemerkeBasra ØkonomiBasra IdrettBasra VenskapsbyarBasra KjelderBasra BakgrunnsstoffBasraArabiskIrakIranKuwaitShatt al-ArabUmm Qasr

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

OdinAlderspensjonNasjonalinstrumentGrunnstoffet tinnDurgaCate BlanchettBergen kommuneTuonelaAftonbladetMiddelhavetSportsklubben BrannClaudio MonteverdiNorske kommuneblomarMariann Vestbøstad MarthinsenIvan KramskojCarl LarssonNautisk milTEMPESTAlaskaIslandske nasjonaldrakterVan der VeenstraumenArbeidarpartietErik HöglundJasmine Camacho-QuinnFrits ThaulowSophie EliseMånenOksygenAusterrikeOsloVM i skiskyting 1999KolonialhandelInnsjøar i SverigeDei fem K-ane i sikhismenHákarlPogóniCelina MidelfartUnicodePlantarHollywood Walk of FameGonzález IslandSki-NM 1967Communist Party of Great BritainVaremerkeDen romerske republikkenFylkesveg 751 (fleirtyding)VätternJa, vi elsker dette landetKabaMolde kommuneChampions LeagueKvigePilRefraksjon27-årsklubbenLarge Binocular TelescopeKrøllalfaPetter EideUkrainaLiechtensteinFylkesveg 751CyanSvenske folkeeventyrHovudside330 skvadronTegan and SaraKristoffer ColumbusBybanen i BergenSilvestre y La NaranjaBeltanePhilip Seymour HoffmanColombiaKopplam🡆 More