Kjøttmeis: Art av sporvefuglar

Kjøttmeis eller kjøtmeis (Parus major) er ein fugl i meisefamilien.

Kjøttmeis
Kjøttmeis Foto: Marek Szczepanek
Kjøttmeis
Foto: Marek Szczepanek
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av kjøttmeis
Utbreiinga av kjøttmeis
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Parvorden: Passerida
Overfamilie: Sylvioidea
Familie: Meisefamilien Paridae
Slekt: Parus
Art: Kjøttmeis P. major
Vitskapleg namn
Parus major

Med ei lengd på ca 15 cm og vekt frå 14 til 20 gram er ho den største fuglen i familien som finst i Noreg.

Kjøttmeis: Utsjånad, Levemåte, Utbreiing
Kjøttmeis set framanfrå.
Foto: Adam Kumiszcza

Utsjånad

Fuglen har svart hovud, kvite kinn og ei svart stripe langs undersida, men merker seg ut ved det sterkt gulfarga brystet. Ryggen er grønleg medan stjerten og vengene er blåaktige. Unge fuglar har ofte litt mattare fargar enn dei eldre.

Ved å strekka hals og nebb oppover, slik at ein ser det gule brystet med stripa, og røra hovudet slik at dei kvite flekkane liknar store auge, kan kjøttmeisa truga andre fuglar.

Levemåte

Kjøttmeis: Utsjånad, Levemåte, Utbreiing 
Kjøttmeisegg.
Kjøttmeis: Utsjånad, Levemåte, Utbreiing 
Kjøttmeisreir med ungar.

Insekt, larvar, frø og frukter er typisk kost for meisa, som set stor pris på vintermating med feitt og liknande. Ho er sjølv byttedyr for tårnfalk, hønsehauk, sporvehauk, sporveugle mm.

Kjøttmeisa held seg gjerne saman med andre fuglar. Om vinteren leitar ho ofte etter mat saman med blåmeiser eller andre skogsfuglar i såkalla meisetog.

Hekking

Fuglen hekkar frå april til juli, og har ofte to kull same året. Ofte brukte hekkeplassar er gamle hole tre, men er og ein ivrig kassarugar. Reiret lagar ho ved å fylle opp kassen med ca 8–10 cm mose, på toppen lagar ho ei grop som ho fôrar med det ho finn i området. Oftast er det ull, hår og fjør. Kjøttmeisa legg 6–12 egg, og rugetida er 12–14 dagar. Ungane dreg frå reiret etter 15–20 dagar. Kjøttmeisepara er trufaste.

Utbreiing

I Noreg finst kjøttmeisa over heile landet, bortsett frå nord i Finnmark. Ho held gjerne til i lauv- og blandingsskog.

Bakgrunnsstoff

Kjøttmeis: Utsjånad, Levemåte, Utbreiing  Wiki Commons har multimedia som gjeld: Kjøttmeis

Tags:

Kjøttmeis UtsjånadKjøttmeis LevemåteKjøttmeis UtbreiingKjøttmeis BakgrunnsstoffKjøttmeisCentimeterFuglMeisefamilienNoreg

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Innsjøar i SverigeKolibriChilePyramidekabalNynorsk WikipediaLipsíMikhail GorbatsjovEurovision Song Contest 2012Moskva oblastHomofobiKyivNintendo 3DSLeonardo da VinciRadka ToneffSovjetunionenFlash Gordon av QueenAugaSunnhordlandske ord og vendingarDan Børge AkerøA Short HikeVåpenskjoldBenito MussoliniByar i NoregSauMarit BjørgenJonas Gahr StøreMarokkoDaniel KvammenYour Latest TrickEngelskGranadaGet Lucky av Mark KnopflerLeningrad oblastSuezkanalenSèteDire StraitsScrabbleElvis PresleyRoald ØyenHuset BourbonIslamStrynefjelletHeilage onsdagPrositDet norske alfabetetAfrodisiakumVassfjelletÉdessa i HellasPick WithersValdresTerry WilliamsUkrainaEkornEgersundOle PausGalatádesSverre WilbergIltalehtiSamvirkelagRådyrAsbjørnsen og MoeDiskografien til QueenDet osmanske riketGulToscakakeNasjonaldraktLuhansk oblastUTCRomanésHovdyrNoregFranklin D. RooseveltDen generelle relativitetsteorienKhalkidónaFin GnattEdvard VII av StorbritanniaJon Almaas🡆 More