Edinburgh (skotsk-gælisk Dùn Èideann) er hovudstad og den nest største byen (etter Glasgow) i Skottland.
Administrativt utgjer han saman med omlandet regionen City of Edinburgh. Han ligg ved breidda av Firth of Forth.
Edinburgh | ||
---|---|---|
skotsk-gælisk | Dùn Èideann | |
Edinburgh frå Calton Hill | ||
Kallenamn ««Auld Reekie», «Athens of the North»» | ||
Motto «Nisi Dominus Frustra» (Ta imot Herren i forgjeves) | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | Skottland | |
Region | City of Edinburgh | |
Distrikt | Sameint styresmakt | |
Grunnlagd | Før 600-talet | |
Borgarmeister | George Grubb | |
Geografi | ||
Flatevidd - By | 259 km² | |
Innbyggjarar - By (2010) - folketettleik | 486 120 1 876,9 /km² | |
Koordinatar | 55°56′58″N 3°9′37″W / 55.94944°N 3.16028°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | EH | |
Telefon-retningsnummer | 0131 | |
Nettstad: www.edinburgh.gov.uk | ||
Byen har vore hovudstad i Skottland sidan 1492, og er no sete for Parlamentet i Skottland, som vart gjenoppretta i 1999. Både den gamle og den nye byen vart tekne inn på verdsarvlista til UNESCO i 1995.
Ein meiner at namnet på byen kjem frå brittonsk Din Eidyn, Fortet til Eidyn. Dette stammar frå tida da området høyrte til Gododdin, i tidleg mellomalder.
Etter å ha vorte teken av anglarar frå Bernicia vart namnet endra til Edin-burh. Enkelte har hevda at dette tyder Edwin-fort, etter Edwin av Northumbria, men namnet ser ut til å vera frå før tida hans, og det er større grunn til å tru at det er ei forvansking av det brittonske namnet. Byen har au kallenamnet Auld Reekie (Gamle røykfylte). Den neoklassiske arkitekturen og den skotske opplysningstida i det 18. hundreåret har gjeve han kallenamnet Det nordlege Athen. Ein forfattar har ymta om at Det sørlege Reykjavík hadde vore meir passande.
Det moderne gæliske namnet, Dùn Èideann, har òg vorte forvanska som Dunedin, eit namn byen til tider har gått under.
Mange skottar brukar kallenamnet Embra, og diktaren Robert Fergusson kalla byen Edina.
Det historiske senteret er delt i to av Princes Street Gardens. Mot sør er bybiletet dominert av Edinburgh slott, som står på eit vulkansk berg. Nedanfor slottet ligg gamlebyen, som fylgjer åsryggen. Mot nord ligg den nye byen. Parkanlegget vart påbegynt i 1816 på myrland som tidlegare hadde vore ein innsjø, Nor'Loch.
Hamna i Edinburgh ligg i Leith. Bydelen har ein særeigen karakter, og det var stor motstand då han vart innlemma i Edinburgh by, fordi han da vart knytt nærare til storbyen. Han er fortsatt ein eigen by, men blir administrert saman med Edinburgh.
Edinburgh er base for fleire verdskjende arrangement. Blant desse er Edinburghfestivalen, som er eit samleomgrep på eksplosjonen i festivalar som skjer i august kvart år - blant desse er Edinburgh Fringe Festival, Edinburgh Book Festival, Edinburgh Film Festival og Edinburgh Military Tattoo.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Edinburgh, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.