Konstituerande land (engelsk constituent countries) er eit offisiell uttrykk for å skildre tre av dei fire bestanddelane av unionsstaten Det sameinte kongeriket Storbritannia og Nord-Irland:
Alle tre har tidlegare vore sjølvstendige suverene statar, og har alltid hatt eigne variasjonar i politisk, juridisk og administrativ status.
Skottland og Wales er sjølvstyrande, og har sine eigne parlament. England saknar eit sjølvstyrande parlament og regjering, men er framleis tilstrekkeleg særprega til å kunne reknast som eit land og ein nasjon.
Den fjerde delen av Det sameinte kongeriket, Nord-Irland (òg kalla Ulster), er ikkje eit land eller ein nasjon, men ein del av eit land eller ein nasjon (kva land eller nasjon er eit heitt politisk spørsmål). Offisielt er Nord-Irland ein «provins», men ordet provins kan virke ubehageleg for mange innbyggjarar som vil ha eit samla Irland.
Tilhengjarar av sjølstyrerørsla i Cornwall hevdar at Cornwall burde erkjennast som eit likeverdig medlem av unionsstaten.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Konstituerande land, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.