Den etiopiske ortodokse kyrkja er eit uavhengig ortodoks kyrkjesamfunn i Etiopia.
Øvste leiaren av kyrkja er ein patriark (arabisk abuna, 'vår far'), erkebiskopen av Etiopia.
Ved slutten av 1900-talet hadde kyrkja over 30 millionar medlemmer; rundt 29 millionar i Etiopia og oppimot 1,8 millionar i Eritrea. Då Eritrea fekk sjølvstende i 1991 blei også Den eritreiske ortodokse kyrkja skild ut som eiga kyrkje.
Liturgien i kyrkja liknar mykje på Den koptiske ortodokse kyrkja sin, men kyrkjene har nokre ulike høgtider. Lenge brukte ein det gamle språket ge'ez som kyrkjespråk. I dag blir det også preikt på modernee språk, som amharinya.
Den etiopiske kyrkja har fleire eigne skikkar og seremoniar. Ein følgjer fleire jødiske kosthaldslovar og praktiserer omskjering av gutebarn. Både laurdag og sundag er rekna som heilagdagar
Kristendommen kom til Etiopia på 300-talet gjennom to greske brør frå Týros, Edesius og heilage Frumentius. Dei overtalte kong Ezana av Aksum-riket til å gje dei lov til å driva misjonering der. Frumentius blei seinare den første biskopen i landet.
På 600-talet blei kyrkja underlagt patriarken i Alexandria. I 1950 anerkjende patriarken kyrkja som sjølvstendig, og i 1959 blei den første patriarken av den etiopiske kyrkja ordinert.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Den etiopiske ortodokse kyrkja, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.