Gravkyrkja

Gravkyrkja er ei kyrkje i Det kristne kvarteret i Gamlebyen i Jerusalem.

Kyrkja skal ifølgje kristen tradisjon omfatta både Golgata, staden for krossfestinga av Jesus, og grava som han gjenoppstod frå. Som del av Gamlebyen er kyrkja rekna som ein del av verdsarva av UNESCO.

Gravkyrkja
Gravkrkja i Jerusalem.

Kyrkja blei oppført av den romerske keisaren Konstantin den store på 300-talet, og har vore ein kristen valfartsstad sidan. Ho blei herja av dei persiske Sassanidane i 614, og seinare gjenoppbygd av krossfararar i 1130. Kyrkja er seinare blitt øydelagd og gjenoppbygd fleire gonger. Den noverande kyrkja er frå 1810.

Gravkyrkja blir driven av fleire kyrkjesamfunn i fellesskap. Den gresk-ortodokse kyrkja har største delen av kyrkjeområdet, som også omfattar hovudkvarterte til deira patriark av Jerusalem. Den armenske og den katolske kyrkja er dei to nest viktigaste kyrkjesamfunna i drifta av Gravkyrkja. Dei koptiske, syriske og etiopiske ortodokse kyrkjene har òg delar. Protestantar er ikkje representerte i kyrkja, og mange føretrekk Hagegrava som valfartsstad og mogleg døds- og gravstad for Jesus.

Innan austleg kristendom er kyrkja kjend som Oppstandelsekyrkja (gresk Ναός της Αναστάσεως (Naos tis Anastaseos), armensk Surp Harutyun), medan ho i vestleg tradisjon er kalla for Gravkyrkja eller Kyrkja til den heilage grava (latin: Ecclesia sancti Sepulchri).

Historie

Den første kyrkja

Gravkyrkja 
Grunnplan for Gravkyrkja på 300-talet

Eusebius fortel i Vita Constantinus at det på staden der Gravkyrkja seinare blei bygd tidlegare stod eit tempel vigd Venus. Den seinare keisaren Konstantin gav i 325 eller 326 ordre om at staden skulle ryddast for å gje plass til ei ny kyrkje. Den heilage Makarius fekk i oppdrag å oppføra henne.

Kjelder

Tags:

GolgataJerusalemJesusKyrkjeVerdsarv

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Krag-Jørgensen-rifleFredrik SolvangJohn ScofieldGesimsNo-dramaPOSIXKlima i ArgentinaSpaniaOdd NordstogaKardítsaTalordSamvirkelagOsloSirkelJonas LiePliktetikkAtle HansenRakettJaroslav SakalaFlorøLondonKattMuscat guvernementMiddelhavetTermisk diffusivitetAlenKevlarDet norske alfabetetDiktStomiSixteen TonsSong-dynastietDet indiske kastesystemet23. aprilSilje NordnesHurtigrutaSikhismenGrønSpeidarrørslaLoddeIvar AasenHinduismenMagnetisk feltstyrkeNotfiskeMarcus & MartinusLamíaKaptein SabeltannLagerthaTríkalaDet amerikanske flaggetPeter GabrielNynorsk WikipediaDen islamske statenGaukVossamålHellasVictoria av SverigeSkiáthosTuonelaMaiRichie FaulknerKristian IV av Danmark-NoregBlåmannStyresettAegisSjøløverEyvind JohnsonRakiaKarsten WarholmUTCJesusRomandieFranskSildekongeIngvild Kjerkol🡆 More