Liturgi (frå gresk λειτουργία (leitourgia), «arbeid for ålmenta») viser til ein fast måte å gjennomføra ein særskild religiøs rite på, til dømes ordval, rørsler, førebuingar og klede som er viktige for denne riten.
Omgrepet blei først brukt om gudstenester innan kristendommen, men det er òg mogleg om å snakka om ein jødisk liturgi for synagogeseremoniar og ein muslimsk liturgi for den daglege bøna.
I den kristne kyrkja kallar ein dei kyrkjene som har ein veldefinert liturgi liturgiske kyrkjer. Dei fleste anglikanske, katolske, lutherske og ortodokse kyrkjene er liturgiske medan dei fleste andre ikkje er det. Ikkje-liturgiske kyrkjer følgjer som regel eit liknande mønster for kvar gudsteneste, men har få fastlagde element som er identiske frå gong til gong. Eit døme på eit ikkje-liturgisk kristen møte er samlingane som blir haldne av mange kvekarar, utan ein særskild leiar eller ei fastlagd rekkefølgje av ting som skal skje.
Reglene for liturgien kan vere fastsette i ei altarbok. I Den norske kyrkja er liturgien fastsett i Gudstenestebok for Den norske kyrkja.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Liturgi, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.