Aksum eller Axum er ein by nord i Etiopia som ligg ved Adoua-fjella.
Byen var senter for kongedømmet Aksum som oppstod rundt år 1 og gjekk under på 1100-talet.
| |||
Land | Etiopia | ||
---|---|---|---|
Innskriven ved UNESCOs 4. sesjon i 1980. Referansenr. 15. | |||
Kriterium: | I, IV | ||
Sjå òg | Verdsarvstader i Afrika | ||
Bakgrunnsstoff | Aksum ved unesco.org |
Ein del av det som står att etter kongedømmet i Aksum er geez-språket og arkitektonisk kunst, slik som Aksum-obelisken.
Den etiopiske ortodokse kyrkja seier at Maria av Zion-kyrkja i Aksum husar den bibelske paktarken som skal innehalda steintavlene som dei ti bod vart skrivne på. Byen blir rekna som den mest heilage i Etiopia, og mange pilegrimar reiser dit.
75 % av befolkninga i byen er etiopisk-kristenortodokse, medan resten er, sunnimuslimar eller tilhengjarar av P'ent'ay.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Aksum, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.