Øyre: Høyre- og balanseorgan

Øyre finn ein på dei fleste dyr, hovudfunksjonen deira er å oppfatte (høyre) lyd.

Øyre: Høyre- og balanseorgan
Menneskeøyret.
1 - Tinningbein
2 - Øyregang
3 - Ytre øyre
4 - Trommehinna
5 - Ovale vindauge
6 - Hammaren
7 - Ambolt
8 - Stigbøyelen
9 - Bogegangar
10 - Sniglehuset
11 - Høyrselsnerven
12 - Øyretrompet

Det er vanleg å dele inn øyret på pattedyr i ein indre, ein midtre og ein ytre del.

Det ytre øyret består stort sett av hud og brusk. Det har til oppgåve å leie lyden inn i øyregangen, og verne det indre øyret mot framandelement. I tillegg endrar foldane i det ytre øyret frekvensspekteret på lyden som kjem inn, alt etter kvar lyden kjem frå.

Mellomøyret inneheld ei knokkelkjede samansett av hammaren (lat. malleus), ambolten (lat. incus) og stigbøyelen (lat. stapes). Stigbøyelen er kopla til ein membran som kler det ovale vindauget som grensar til sniglehuset (sjå under).

Det indre øyret inneheld blant anna sniglehuset som omdannar vibrasjonar til nervesignal, og labyrinten som hjelper individet å halde balansen.

Virvellause dyr

Sanseorgan som kan oppfatte lydar hos virvellause dyr er små akustiske hår på hudskjelettet (kutikula) eller organ som kan likne på eit øyre. Desse blir kalla tympanalorgan og er plassert ulike stader på kroppen. Lauvgrashopper og sirissar har dei på frambeina, nokså høgt oppe på leggen. Ved å snu på seg kan dei også oppfatte kvar lyden kjem frå. Andre har slike høyrselsorgan på bakkroppen.

Insekt kan oppfatte frekvensar heilt opp mot 200 kHz, noko som er langt høgare enn det menneske kan oppfatte (15–20 kHz).

Bakgrunnsstoff

Øyre: Høyre- og balanseorgan  Commons har multimedium som gjeld: Øyre

Tags:

HøyrselLyd

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

PortalWikimediaValdresSein juraLily of the ValleyLærdalstunnelenLeonardo da VinciAnne-Karine StrømSindikíKrag-Jørgensen-riflePapegøyefuglarNasjonalrettFlash Gordon av QueenMetroland av Mark KnopflerAugaC SharpJack SonniRånarThe Rolling StonesNederlandVulvaYatzyLāsma KaunisteEselNobels fredsprisAbbaStoreggarasetPåskeSnønipaAllahu akbarUkrainaElvdalskDet britiske imperietTreriksrøysaPåskelamDet Bergenske DampskibsselskabAmazonaselvaStatueSaint-DizierVestlandetSvartehavetIndre KvarøyErik AndersenKreftGolden HeartCosta RicaRomeo and Juliet av Dire StraitsMargrete ValdemarsdotterFærøyaneKirsten Bråten BergGeitetårnURLDet norske alfabetet1619Financial TimesKvinnheradsdialektRichard Wright (1908-1960)LondonHalle BerryTuk-tukLinda EideMediaWikiFukuoka26. marsHamrinsjøenSwahiliDet tredje riketMakrofagHákarlApp StoreBritiske monarkarBarentshavetKristopher SchauA Whiter Shade of PaleBuddy HollyQueenKiruna🡆 More