Arkeologi er studiet av menneskeleg aktivitet, det vil seie korleis dei levde, kva dei levde av, og eventuelt kvar dei kom frå eller drog til, hovudsakleg gjennom studiet av dei materielle leivningane som finst etter dei på og i jorda.
Opprydding: Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. |
Systematiske arkeologiske utgravingar er ei viktig metode for å skaffe fram dette materialet. Men moderne teknikk har òg stilt andre metodar til rådvelde for arkeologien, som til dømes fotografering frå fly og bruk av såkalla georadar, eit apparat som kan avteikne konstruksjonar som ligg under jordoverflata.
Arkeologi er den viktigaste måten å finne ut meir om tidleg menneskeleg historie på frå så gamal tid at det ikkje finst skriftlege kjelder å halde seg til, såkalla førhistorisk tid, før ein tok til å skrive. Arkeologiske metodar kan også brukast til å gje kunnskap om livet i historisk tid, og fylle ut hòl og stadfeste eller avkrefte påstandar i skriftlege kjelder frå slike tider, som dei mange arkeologiske utgravingane av leivningar frå mellomalderen gjev gode døme på.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Arkeologi, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.