Michael Waller (6.
september">6. september 1941–29. april 2008) var ein engelsk trommeslagar, som spelte med mange kjende britiske rocke- og bluesartistar etter han vart profesjonell musikar i 1960.
Micky Waller | |||
Fødd | 6. september 1941 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Hammersmith, London, England | ||
Død | 29. april 2008 (66 år) | ||
Dødsstad | London, England | ||
Fødenamn | Michael Waller | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 1960–2008 | ||
Sjanger | blues | ||
Instrument | Trommer | ||
Tilknytte artistar | Jeff Beck Group The Steampacket The Flee-Rekkers Cyril Davies Brian Auger and The Trinity Rod Stewart | ||
Verka som | musikar |
Waller vart fødd i Hammersmith i London. Det første bandet hans, The Flee-Rekkers, fekk ein hit med «Green Jeans» i 1960 då denne nådde 23. plassen på UK Singles Chart. Han slutta kort tid etter og vart medlem av Joe Brown and the Bruvvers.
I juli 1963 vart han med i Cyril Davies R&B All Stars med Cyril Davis og Long John Baldry. Waller slutta då Davies døydde i januar 1964 og Baldry tok over og bandet vart Hoochie Coochie Men. Waller byrja så å spele med Marty Wilde som medlem av The Wildecats. Waller spelte òg på to konsertturnear med Little Richard i Storbritannia.
Etter ein kort periode med Georgie Fame and The Blue Flames, vart han med Brian Auger i The Trinity, og kort tid etter byrja Long John Baldry. I april 1965 vart gruppa utvida med Rod Stewart og Julie Driscoll og utvikla seg til å bli The Steampacket. I 1967 spelte Waller eit par konsertar med John Mayall's Bluesbreakers men vart kort tid seinare erstatta av Keef Hartley.
I august 1967 byrja Waller å spele med Jeff Beck Group, i lag med den tidlegare bandkollegaen Rod Stewart. I 1969 drog Waller til Venice Beach i Los Angeles for å skipe bandet Silver Metre med gitaristen Leigh Stephens frå Blue Cheer, Pete Sears på bass og klaverinstrument og Jack Reynolds som songar. Dei spelte inn eitt album. I 1969 spelte Waller òg på debutalbumet til Rod Stewart, An Old Raincoat Won't Ever Let You Down, og spelte òg på seinare album av Stewart, inkludert hitsingelen «Maggie May».
I 1971 byrja Waller å spele med bluesbandet til Long John Baldry. Tidleg i 1980-åra var Waller medlem av Terry Smith Blues Band. Waller har òg spelt med The Walker Brothers, Cat Stevens, Eric Clapton, Bo Diddley, Dusty Springfield og Paul McCartney.
Waller døydde av leversvikt i London den 29. april 2008, 66 år gammal.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Micky Waller, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.