Gravfelt er den nøytrale (det vil seie den ikkje-religiøse) nemninga på eit areal der det ligg ei større eller mindre samling av graver for døde menneskje.
Nemninga er som oftast nytta om samlingar av graver frå førhistorisk tid der dei døde har vorte jordfesta på seremonielt vis, og er eit viktig arkeologisk omgrep. Men i kontinentaleuropeisk arkeologi og anna kulturvitskap kan det tilsvarande ordet for 'gravfelt' på vedkomande språk òg verte nytta i vidare meining som eit generelt nøytralt alternativ til dei nemningane som i vanleg språkbruk syner til kristne gravplassar.
Ettersom gravene frå førhistorisk tid ofte inneheld gjenstandar, spor eller leivningar etter offerdyr og anna, i tillegg til spora eller leivningane etter dei døde, og det dessutan kan vere spor etter rituelle konstruksjonar på areala, står gravene og gravfelta sentralt i den arkeologiske forskinga. Storparten av det arkeologiske materialet skriv seg frå graver og gravfelt, og mykje av kunnskapen om både livet, trua, samfunnsoppbygginga og samfunnsutviklinga i gamal tid baserer seg på det ein kan lese ut av innhaldet i gravene og utforminga av graver og gravfelt.
På eit gravfelt kan det vere både gravhaugar, gravrøyser og slike graver som ikkje er markerte på markoverflata på tydeleg og varig vis, såkalla flatmarksgraver. Dei døde kan ha vorte brente før jordfestinga (branngraver) eller jordfesta ubrente (skjelettgraver), og arealet kan ha vore nytta for jordfestingar i stutt eller lang tid.
Store og vidgjetne norske gravfelt frå førhistorisk tid finn ein på Gunnarstorp i Skjeberg i Sarpsborg kommune i Østfold og på Borre i Horten kommune i Vestfold.
Som regel vil det vere opptil 20–30 graver på eit felt. Noregs største er gravfeltet på Vang nedanfor kyrkja på Oppdal i Trøndelag. Det inneheld 758 førkristne gravminne, og representerer eit helt særskilt fenomen innanfor norsk arkeologi.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Gravfelt, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.