Polymer

Ein polymer er eit molekyl som er bygd opp av ein serie mindre einingar, monomerar.

Polymeren kan vera bygd opp av berre ein type monomerar, eller av fleire. Biopolymerar er ofte bygd opp av mange ulike monomerar.

Polymer
Polymerar er bygd opp av einingar som til dømes denne i PVDF.

Polymerar kan vera lange, rette molekylkjeder eller dei kan vera forgreina.

Dei fleste polymerar er organiske sambindingar. Bindingane mellom monomerane går ofte mellom karbonatom. Silikon er uorganiske polymerar. Molekylkjeda i desse er bygd opp av vekselvis silisium og oksygen. Organiske grupper er bundne til silisiumatoma.

Viss molekylet berre inneheld nokre få monomerar er det ein oligomer.

Historie

Frå 1920-åra voks polymerkjemi fram som fagfelt.

Syntese

Polymerar vert danna i stegvise reaksjonar der monomerar vert bunde saman steg for steg. Det vanlegaste er at dette skjer i ein addisjonsreaksjon eller ein kondensasjonsreaksjon.

I ein addisjonsreaksjon vert heile monomeren ein del av polymeren. Dette kan skje ved at ein dobbeltbinding i monomeren vert broten og at det i staden vert danna enkeltbindingar mellom ulike monomermolekyl.

I ein kondensasjonsreaksjon dannar nokre av atoma i monomeren eit, oftast lite, molekyl medan resten av monomeren vert ein del av polymeren.

Eksempel på bruk

Polymerar har mange bruksområde. Nokre vert nytta til å laga plast, andre til fiber. Nokre polymerløysningar vert nytta av oljeindustrien for å auka utvinninga.

Polymerar i løysning

Ein del polymerar er vassløyselege. Dette kan til dømes vera polyelektrolyttar.

Polymermolekyl i løysning kan få ulik struktur i løysning avhengig av kor sterke kreftene mellom polymermolekylet og løysemiddelet er i forhold til kreftene mellom ulike delar av molekylet og kreftene mellom ulike molkyl i løysemiddelet.

Fleksible polymerar dannar ofte ein laus koil, men det er og mogleg å få ein stavliknande eller ein tettare, kuleliknande struktur.

Døme på polymerar

Syntetiske polymerar

Naturlege polymerar

Bakgrunnsstoff

Polymer  Commons har multimedium som gjeld: Polymer

Tags:

Polymer HistoriePolymer SyntesePolymer Eksempel på brukPolymer ar i løysningPolymer Døme på polymerarPolymer BakgrunnsstoffPolymerMolekyl

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Agnetha FältskogTorsdagGoogle ChromeBergen kommuneAmund SkiriÆrfuglLukkaMorfinTorpoMichael JordanPete BestRonja RøverdatterThor HeyerdahlPatrick RoestCornelis VreeswijkFristaden ChristianiaWikinewsEgypt i oldtidaKirsti BergstøBeltegrader i judoDet republikanske partiet i USAPandaMickey RaphaelMeisefamilienPåskekyllingBenito MussoliniHolmenkollrennet 1975Mount EverestKongo-BrazzavilleHelena BrodtkorbNoregSverre Magnus av NoregKaptein SabeltannHarald V av NoregVinter-OL 2014Napoléon BonaparteFirkantfolketLibanonDe Long-øyaneISO 8601PanterSør-KoreaGeorg Friedrich Händel7. februarErik AndersenProtestantismeJordTidslinje over norsk historieAust-TimorSvalbardOpplettAmitav GhoshLill LindforsHydrogenLeonard RickhardNasjonaldyrAda LovelaceDjengis khanÅrstid28. marsKåre Magnus BerghMeranoSanta Cruz de TenerifeKnut den mektigeAn-MagrittROBEKRSSIl Tempo GiganteEplemostMesse i musikk🡆 More