Klassisk Arkeologi

Klassisk arkeologi er arkeologi som har som studium og forskingstema leivningane og ruinane etter dei gamle kulturane kring Middelhavet.

I streng meining står omgrepet klassisk arkeologi for arkeologisk verksemd knytt til forsking på leivningane og ruinane innanfor det gamle Romarriket og antikkens Hellas. Men i vidare meining femnar omgrepet òg om kulturar som var forløparar til desse kulturane, eller som har påverka dei, slik som mykensk og minoisk kultur i det som no er Hellas, etruskisk kultur i det som no er Italia, og det som gjeld de eldre tidene av det bysantinske riket.

Klassisk Arkeologi
Arkeologiske utgravingar av det som er att av ein bygning frå hellenistisk tid i Helike (gresk: Ἑλίκη) på Peloponnes ved Korintbukta i Hellas. Bygningen har truleg vore eit fargeri for klede.

Mange universitet i ulike land har klassisk arkeologi på programmet, og driv arkeologiske utgravingar og granskingar med løyve frå styresmaktene i det landet dei er interessert i. Fleire av universiteta, mellom anna norske universitet, har òg eigne institutt i Roma og Aten. Universitetet i Oslo driv Det norske institutt i Roma for klassisk arkeologi og kunsthistorie, og universiteta i Oslo, Bergen, Trondheim og Tromsø driv i fellesskap Det Norske Institutt i Athen for klassiske studier, arkeologi og kulturhistorie.

Tags:

ArkeologiAustromarriketDen minoiske sivilisasjonenEtruskararHellasHellas i antikkenItaliaMiddelhavetMykeneRomarriket

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Rolf KjødeHomogeniseringOksygenBjørkefinkHenry LawsonJon FosseNasjonalplantarHelena BrodtkorbApeHellasHar SedomNorrøn tidSogn og Fjordane fylkeFriluftslivBrennverdiMidsommarNorskJesusCanon EOS 250DAstrid LindgrenDonauDrinfossenWikiRaudstrupeKorrespondentJamstellingsvedtaketPilOlga DanilovaNaturbrukAntiqueNorsk Barneblads ForlagMount EverestAbugidaStein EriksenKilelérElektrostatisk generatorC++Russisk litteraturSilje NordnesNasjonaldraktVegard UlvangGotlandFrøylandsvatnetCand.scient.LangePodsolKlima i CanadaBjörn SkifsWattensJean-Claude JunckerChristianiaReligiøse debattar om Harry Potter-serienÆrfuglUnicornNasjonaldagJødedommenBloggLitauenVerdas skriftsystemPeriferieininga LárisaMadman Across the WaterByar i HellasSilvevDemian VitanzaKaptein SabeltannPippi LangstrømpeEinar SagstuenLohengrin sjokoladeMiljøproblemÅkerbærYankeeDei fem K-ane i sikhismenTwitterFlammepunktMP3KvintakkordJeórjos Karaiskákis i Árta🡆 More