Sjakkmatt, ofte forkorta til matt er ein situasjon i sjakk der kongen til den eine spelaren er angripen, står i sjakk, og det ikkje er mogleg å parere trusselen mot kongen.
Det er altså umogleg å hindre at kongen kan bli slått i neste trekk.
Viss kongen blir angripen så seier ein at kongen står i sjakk. Det er tre måtar å kome seg unna eit slikt angrep på.
Viss kongen ikkje kan kome seg unna sjakken på nokon av desse måtane, så er kongen sjakk matt.
Dette avsluttar sjakkpartiet med ein gong. Kongen blir altså aldri slått; partiet er over så snart kongen er sett sjakkmatt. Å sette motstanderen sin konge sjakkmatt er det endelege målet i sjakk.
Det er likevel ikkje slik at alle sjakkparti endar med matt. Ofte gir ein av spelarane opp før han blir sett matt, fordi han finn stillinga håplaus. Og partiet kan også bli remis (uavgjort).
To eksempel på sjakkmatt tidleg i opningsspelet er idiotmatten og skulematten.
Ordet sjakkmatt kjem frå persisk Shah Mat, som ordrett betyr Kongen er fanga (eller hjelpelaus, overvunnen) frå bakhald. Det betyr ikkje ordrett kongen er død, noko som er ei vanleg mistyding.
Det kan vere grunn til å vere merksam på at viss kongen ikkje står i sjakk, men spelaren som er i trekket ikkje kan gjere noko lovleg trekk - altså at han ikkje kan gjere noko trekk som ikkje set kongen i slag - så har det oppstått ei pattstilling, og partiet er då med ein gong remis.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Sjakkmatt, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.