Arkeologisk Kultur

Arkeologisk kultur er nemninga på ei spesifikk samlingane av artefaktar, gjenstandar laga av menneske, som er slik utforma og funne i slike samanhengar at dei gjev grunn til å tru at dei skriv seg frå ei spesifikt førhistoriske folkegruppe, og såleis kan gje eit meir eller mindre trygt grunnlag for å rekonstruere storleiken, utbreiinga, livet, opphavet og lagnaden til denne folkegruppa.

Berre ein liten part av dei gjenstandane som dei førhistoriske folkegruppene har nytta seg av, har halde seg til våre dagar og står til rådvelde for vurderingar og tolkingar. Og alt det av immateriell art som òg utgjer det viktigaste i kulturen til ei folkegruppe eller eit samfunn, og som skil dei frå eller bind dei til grannegrupper og grannesamfunn, som til dømes språk og språklege grenser, tru og truskilnader, rituale, sed og skikk, korleis dei tolka landskap og vêrtilhøve eller naturfenomen som lyn og tore, vekslinga mellom årstidene eller mellom dag og natt og så bortetter, er gått fullstendig tapt for alltid.

Arkeologisk Kultur
Reproduksjon av ei skiveøks av flint, typisk for Fosnakulturen. Reproduksjon frå 2006 ved Morten Kutschera.
Arkeologisk Kultur
Stridsøks av stein, såkalla båtøks, frå Småland i Sverige.

Av di den arkeologiske vitskapen oftast ikkje har anna å byggje på enn den materielle kulturen, det vil seie funn av det som er att av gjenstandar og meir eller mindre tydelege spor etter menneskeleg verksemd innan eit geografisk område og innanfor ein tidsbolk, vil det alltid vere større eller mindre uvisse om ein arkeologisk kultur verkeleg samsvarar med ei reell folkegruppe og deira kultur. Det kan ha vore store ulikskapar i kultur mellom folkegrupper som har nytta dei gjenstandane som vi ser på som like, dei kan jamvel ha rekna seg til den same gruppa. Og på liknande vis kan det ha vore store likskapar i kultur mellom folkegrupper som har nytta dei gjenstandane som vi ser på som ulike. Ved berre å kunne basere rekonstruksjonane på samanlikningar av likskapar og ulikskapar i gjenstandar og andre leivningar som står til rådvelde, vil det difor alltid vere knytt tvil til om arkeologane har rett i sine tolkingar av funntilhøva og av gjenstandane si tilknyting til ei særskild avgrensa folkegruppe. Ofte er det difor skilde meiningar i fagmiljøa i slike spørsmål. I alle høve vil inndelingane i arkeologisk kulturar berre gje eit grovt og unyansert bilete av dåtidas menneske og dei vilkåra dei levde under.

Ein arkeologisk kultur vert ofte definert av ein eller fleire grupper artefaktar som vert rekna som typiske for kulturen. Den aktuelle kulturen vert ofte namngjeve etter denne artefakten, eller etter den staden der ein fyrst kom over denne typen artefaktar. Nokre få døme på den store mengda av arkeologiske kulturar som har vorte definerte, er:

  • Brommekulturen, 12000–9000 f.Kr., som definerer ein gruppe reinjegerar i det noverande Danmark ut frå korleis pilspissane deira av flintstein og nokre andre reiskap skil seg frå dei ein finn andre stader frå denne tidsbolken.
  • Fosnakulturen eller Fosna-Hensbackakulturen, som etter ein funnstad ved Kristiansund og ein funnstad i Bohuslän har vorte nemninga på ein jeger- og fisker-kystkultur som refererer seg til den tidlegaste busetnaden på norsk område, og som òg femnar om Vest-Sverige, tidfesta til 7600 f.Kr.-6500 f.Kr. (tidleg mesolitikum).
  • Stridsøkskulturen, eit samleomgrep for fleire steinalderkulturar i det nordlege Europa frå ikring 3200 f.Kr. til 1800 f.Kr., i Norden mellom 2700 f.Kr. og 2350 f.Kr., kjenneteikna av såkalla stridsøkser eller båtøkser av stein med hol til eit etter måten tynt skaft.

Tags:

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Lynni TreekremTuvinskThorolf HolmboeNile RodgersPolitiet i NoregNoregsmeisterskapen i fotball for menn 1973USAPhil MillerIngrid FiskaaAnne HoltBuKlima i CanadaNicolette LarsonSymbolHøySverigeHydrogenMesopotamiaDet britiske riksvåpenetInformasjonskapselJantelovenJohn P. HammondBerlinblokadenBodø kommuneØlebrødOlga DanilovaColombiaVestleg kampkunstHelena BrodtkorbVitamin KKelly ClarksonHank LocklinErnst JosephsonTrøndelag fylkeMS «Framstig»Allahu akbarPilt-OlaZirósAndre verdskrigenPilPolenLastebilListe over primtalForbundsrepublikkNasjonaldagKillingHTMLNorsk fonologiAddress Resolution ProtocolGrønstilkMykeneGunnhild SundliErik AndersenFase-arrangert antenneTrond Fausa AurvågInca Garcilaso de la VegaTidvatnAsbjørnsen og MoeKinas kommunistpartiEyvind JohnsonSvartehavetIvar AasenRonja RøverdatterNoregUrinsyregiktYankeeVerdas bokdagMadeiraPedro I av BrasilKnut T. StorbukåsSlovensk🡆 More