Borgarskap (også bursjoasi, frå fransk: bourgeoisie) er nemninga på ein samfunnsklasse som stod midt på rangstigen i det gamle standssamfunnet.
Dei var korkje rike adelege eller fattige bønder eller arbeidarar, men levde relativt komfortable, sjølvforsørgde liv som til dømes legar, advokatar eller kjøpmenn.
Då industri-samfunnet og kapitalismen voks fram, voks borgarskapet mykje, og vart ein av hovudklassane i industrialiserte land, medan den andre var arbeidarklassen. Samtidig vart borgarskapet meir differensiert, med eit storborgarskap av rike kapitaleigarar og eit småborgarskap av til dømes småkjøpmenn og menn i sjølvstendige yrke som dei førnemnde legane og advokatane.
Samtidig voks det fram ein ny middelklasse av ulike typar funksjonærar i både privat og offentleg verksemd i det moderne samfunnet. Desse fleste av desse var lønsarbeidarar som den tradisjonelle arbeidarklassen, men hadde meir utdanning og høgare status enn denne. Dei blir vanlegvis ikkje rekna som tilhøyrande til borgarskapet.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Borgarskap, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.