Tyrkiske Folk

Tyrkiske folk er ulike folkegrupper som lever i nordlege, sentrale og vestlege Asia, i nordvestlige Kina og deler av austlege Europa.

Dei snakkar språk som tilhøyrer den tyrkiske språkfamilien. Dei delar i varierande grad visse kulturelle trekk og historisk bakgrunn. Omgrepet «tyrkisk» femner om ei brei etnisk-språkleg gruppe av menneske som omfattar eksisterande samfunn som tyrkarar i Tyrkia, aserbajdsjanarar, tsjuvasjar, kasakhstanarar, tatarar, kirgisarar, turkmenarar, uighurar, usbekarar, basjkirarar, kasjgaiarar, gagausarar, jakutarar, krim-karaittarar, krimtsjakarar, karakalpakarar, karatsjaiarar, nogajarar i tillegg til tidlegare sivilisasjonar og folk som göktürkarar, kumanarar, kiptsjakarar, avarar, førbulgararar, turgesjarar, khazarar, seldsjukkar, osmanarar, mamelukkar, timuridar og moglegvis òg hunarar og xiongnu-folk.

Tyrkiske Folk
Land og sjølvstyrte regionar der eit tyrkisk språk har offisiell status.

Utbreiing

Tyrkiske Folk 
Ryttar frå Altaj.

Utbreiinga av folk med tyrkisk kulturell bakgrunn strekkjer seg frå Sibir, over Sentral-Asia og til Aust-Europa. I 2011 var tyrkiske folk den største folkegruppa i Sentral-Asia — Kasakhstan, Kirgisistan, Turkmenistan, Usbekistan og Aserbajdsjan, i tillegg til Tyrkia og Iran. I tillegg finst det tyrkiske folk på Krimhalvøya, dei aust-turkistanske regionane av vestlege Kina, nordlege Irak, Pakistan, Israel, Russland, Afghanistan og i landa på Balkan: Moldova, Bulgaria, Romania og tidlegare Jugoslavia. Ei lita mengd tyrkiske folk lever òg i Vilnius, hovudstaden i Litauen, og ei lita mengd bur i austlege Polen og den søraustlege delen av Finland. Det finst òg betydelege folkesetnader av tyrkiske folk (opphavleg hovudsakleg frå Tyrkia) særleg i Tyskland, men òg i USA og Australia, hovudsakleg på grunn av arbeidsinnvandring frå og med 1960-talet.

Tidvis har etnografar gruppert tyrkiske folk i seks hovudgrupper: Oghuz-tyrkarar, kiptsjakarar, karlukarar, sibirarar, tsjuvasjar og jakutarar. Den førstnemnde gruppa har òg vore karakterisert som «vestlege tyrkarar», medan dei øvrige fem gruppene, i den same klassifikasjonen, har vore kalla for «austlege tyrkarar».

Galleri

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tyrkiske Folk  Commons har multimedium som gjeld: Tyrkiske folk

Tags:

Tyrkiske Folk UtbreiingTyrkiske Folk GalleriTyrkiske Folk KjelderTyrkiske Folk BakgrunnsstoffTyrkiske FolkAserbajdsjanararAvararHistorieKulturMamelukkSeldsjukkarTatararTimuridedynastietTsjuvasjarTyrkararTyrkiaTyrkiske språkUighurar

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

SiderVenke KnutsonBetasuppeBrennverdiKrutKongsberg SølvverkDiezeGoogleSatyajit RayDet polske flaggetOffisielt språkThívaIsraelWayback MachineBojarenes inntogsmarsjDrivhusgassVelosipedRekonvalesensÁjos Konstandínos i FthiótidaHindugudarNorsk ytre språkhistorieKevin VågenesChampions LeagueMeterCelsiusVest-TysklandNautisk milNorrøntMarokkoTorstein BaeKamerunHelena BrodtkorbMakrakómiNato-alfabetetSør-Trøndelag fylkeBjørnHarrAkselTrettiårskrigenØdipusTromsø kommuneEmma WatsonCotangensStareTiticacaKortnebbgåsGeologiSosialdemokratiBook of KellsElizabeth II av StorbritanniaHolocaustPolenWiki CommonsMolde kommuneMatrjosjkaKirkeristenTutankhamonBenito MussoliniLeonardo da VinciOlivia RodrigoMorellVevdesignHypoteseSpanskEFærøyaneJohn IllsleyReinHaikuNellikrevolusjonenBloggEmma EllingsenAkslaHuaoraniarLondonMYoungs modul🡆 More