Tsjuvasjane (tsjuvasjisk чӑваш) er dei som snakkar tsjuvasjisk, med kjerneområde i Tsjuvasjia, ein republikk i Russland.
Ved folketeljinga i 2010 vart det registrert 1 436 000 tsjuvasjar i Russland. Om la 814 800 av desse budde i sjølve den tsjuvasjiske republikken, resten for det meste i Tatarstan, Basjkortostan og Samara oblast. Det bur òg ein del tsjuvasjar i Kasakhstan.
Tsjuvasjane snakkar tsjuvasjisk, men dei som bur i byar, kan russisk òg. 1 043 000 menneske oppgav at dei meistra tsjuvasjisk i 2010.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Tsjuvasjar, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.