Tatarar (tatarisk tatarlar/татарлар) er ei tyrkisk folkegruppe med tatarisk som morsmål.
Dei fleste tatarar bur i Russland, der dei er den nest største folkegruppa. Ved folketeljinga i Russland i 2010 var det 5 311 000 menneske som registrerte seg som tatarar, noko som utgjorde 3,7 % av befolkninga i Russland. Den største konsentrasjonen finn ein i republikken Tatarstan der tatarar utgjer eit knapt fleirtal, 53 % av befolkninga, og i naborepublikken Basjkortostan der dei utgjer 25 %, men det bur tatarar over heile Russland. Dei fleste tatarar er sunni-muslimar.
Det finst fleire undergrupper av tatarar, som av og til vert rekna som eigne folkeslag. Desse omfattar mellom anna krimtatarar på Krimhalvøya i Ukraina og sibirtatarar. Ein kompliserande faktor er at det i Russland i tsar-tida var vanleg å kalla tyrkiske folkeslag frå aserbajdsjanarar til sibirske folkeslag for tatarar.
I Europa i mellomalderen vart nemninga «tatarar» brukt om mongolane. I omtale av russisk mellomalder vert òg uttrykka «tatarar» og «mongolar» brukt om ein annan i Russland i dag. Truleg er dagens tatarar resultat av ei assimilering av mongolane, som invaderte store delar av Asia og Aust-Europa på 1200-talet, med nokre av folkeslaga dei hadde erobra, særskilt volga-bulgarane. På 1400-talet fanst det fleire mongolsk-tatarske statsdanningar eller khanat: Kazan-khanatet, Astrakhan-khanatet, Krim-khanatet og Sibir-khanatet. Kazan vart erobra av russarane i 1552, Astrakhan i 1556 og Sibir-khanatet i 1582. Krim-khanatet overlevde, til dels som ein vasallstat av Det osmanske riket fram til 1783.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Tatarar, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.