Statens Vegvesen

Statens vegvesen er eit forvaltningsorgan underlagt Samferdsledepartementet.

Statens vegvesen
Statens Vegvesen
Statens Vegvesen
TypeForvaltingsorgan
VirkefeltNoreg
Skipa1864
Org.nummer971032081
VegdirektørIngrid Dahl Hovland
HovudkontorVegdirektoratet
Lokale ledd5 regionar
EigarSamferdsledepartementet
Budsjett29,8 milliardar kr. (2018). Omsetning på 60,3 milliardar kr (2018)
Tilsette7 085 (2018)
Nettsidehttps://www.vegvesen.no

Nasjonale mål frå regjeringa set krav til tryggleik, miljø og eit effektivt transportsystem som er tilgjengeleg for alle. Statens vegvesen skal medverke til at desse nasjonale måla vert følgt opp.

Som veg- og vegtrafikkforvaltar er Statens vegvesen vegadministrasjon for staten på riksvegane (10 700 km) og for fylkeskommunane på fylkesveg (om lag 44 600 km). Dette inneber å ta vare på, planlegge, utvikle, drifte og vedlikehalde vegane. Etaten har også ansvar for riksvegferjene.

Som fagorgan skal Statens vegvesen sørge for utgreiingar, fakta og forslag til Samferdsledepartementet sitt arbeid med Nasjonal transportplan, statsbudsjettet og andre stortingsdokument. Forsking og formidling av resultata, utvikling av retningslinjer og rettleiingsmateriell i tillegg til kontakt med utdanningsinstitusjonar er viktig i den samanhengen. I tillegg til å vere Samferdsledepartementet sitt fagorgan, er Vegvesenet gjennom fagorgan for fylkeskommunane. Det inneber at etaten, på oppdrag frå fylkeskommunen yter utgreiingar, fakta og forslag til deira arbeid med budsjett, langsiktige planar og andre dokument.

Ein viktig del av fagansvaret til Statens vegvesen er å medverke til løysingar som er gode for natur, miljø og trafikktryggleik. Etaten yter også fagkompetanse på område som heilskapleg bypolitikk og kollektivtransport.

Rolla som myndigheitsorgan inneber at Statens vegvesen har ansvar for kontroll av køyretøy, tilsynsoppgåver og gjennomføring av førerprøver. På fleire område har etaten mynde til å utvikle og godkjenne regelverk og fatte vedtak som gjeld trafikant og køyretøy. Vegvesenet vedtek forskrifter og normalar på enkelte område for offentleg veg og handhevar lover, forskrifter og normalar på riksveg. Der nasjonale mål vert utfordra, kan sektoransvaret gi fullmakt til å komme med motsegn på planar etter Plan- og bygningslova.

Organisering

Statens vegvesen består av Vegdirektoratet og fem regionar – Aust (regionkontor på Lillehammer), Sør (Arendal), Vest (Leikanger), Midt (Molde) og Nord (Bodø).

Etaten vert leia av ein vegdirektør, mens kvar region er leia av regionvegsjefar.

Statens vegvesen har 7 085 tilsette fordelt på 6 806 hele stillingar. Av desse er 39 prosent kvinner. I Vegvesenet si etatsleiing er det fem kvinner og åtte menn.[treng kjelde]

Etaten har 82 tenestestader over heile landet - og 83 prosent av alle tilsette held til utanfor Oslo.[treng kjelde]

Verksemd

Statens vegvesen sitt budsjett for riksvegane er på rundt 31,7 milliardar kr (2019).[treng kjelde] Det inkluderer om lag fem milliardar frå bompengar til utbyggingsføremål. Løyvingane fordeler seg til oppgåver innan drift, vedlikehald og nybygging.

Tunnelar og bruer

Topografiske forhold i Noreg er ei stor utfordring for utbygging av infrastruktur. I Noreg har vi meir enn 1.040 tunnelar på riks- og fylkesvegnettet. Til eikvar tid er 30-40 tunnelar under bygging. Ein del av desse erstattar eldre tunnelar. Tunnelane er i gjennomsnitt ein km lange.

Riks og fylkesvegnettet har om lag 19.760 trafikkerte bruer, ferjekaiar og andre berande konstruksjonar (f.eks. støttemurar). Mange av bruene er relativt korte, men Noreg har 861 bruer som er lengre enn 100 meter. 22 bruer er lengre enn 1000 meter.

Produktivitet i norsk veibygging

Vegvesenet har uttalt at det har danna seg ein myte om at norsk vegbygging er dyr og lite effektiv. Vegdirektoratet gav i 2017 ut ein rapport om kostnader til vegbygging i dei nordiske landa. Rapporten viste at når ein korrigerte for grunnforhold og tal på bruer og tunnelar, så var ulikskapane større mellom prosjekt enn mellom landa. Av ni undersøkte vegprosjekt var Vegvesenet si utbygging av motorvegen på E6 langs Mjøsa det nest billigaste prosjektet. Det dyraste var eit dansk prosjekt.

Førarkort og køyretøy

Statens vegvesen har 70 trafikkstasjonar rundt i landet. Mange av tenestene på trafikkstasjonanekan trafikantane også får gjort ved hjelp av sjølvbeteningsløysingar.

Som myndigheitsorgan har Statens vegvesen ansvar for kontroll av kjøretøy, tilsynsoppgåver og gjennomføring av førarprøvar. På fleire område har etaten mynde til å utvikle og godkjenne regelverk og fatte vedtak som gjeld trafikant og køyretøy.

Det er 3,333 millionar registrerte køyretøy i Noreg. Av desse er 203 538 elektrisk drivne (31.12.2018).[treng kjelde]

Det vart gjort meir enn 1,133 millionar køyretøyregistreringar (førstegangsregistrering, omregistrering, bruktimport, ombygging) i 2018.[treng kjelde]

Statens vegvesen utsteda 435 400 nye førerkort (førstegangsutsteding og fornying) i 2018.[treng kjelde]

Trafikktryggleik

Noreg har tre år rad (2015, 2016 og 2017) vorte kåra til det mest trafikksikre landet i Europas av European Transport Safety Council (ETSC).

Eit sentralt mål for Vegvesenet er å arbeide for null drepne og hardt skadde i trafikken. Vegvesenet jobbar systematisk med å øke auke trafikktryggleiken. I 1970 døydde 560 personar i trafikken. I 2018 vart 108 drepne på norske vegar. I 2001 lanserte Stortinget nullvisjonen.

Investeringane som følgjer av Vegvesenet sitt handlingsprogram for 2018 til 2024 skal føre til at det vert 25 færre drepte og hardt skadde på vegene kvart år. Kampanjar, kontrollar og sikre køyretøy skal medverke til å trekke tala ytterlegare nedover.

Statens vegvesen har nasjonal kampanjeaktivitet knytt til merksemd i trafikken, bilbeltebruk, fart og samspel mellom syklistar og bilistar.

Mykje av den nasjonale aktiviteten er styrt gjennom Nasjonal tiltaksplan for trafikksikkerhet på veg som Vegvesenet, Politiet, Trygg Trafikk, Utdanningsdirektoratet, KS og Helsedirektoratet står bak. Arbeidet vert leia og koordinert av Statens vegvesen.

Nasjonal transportplan (NTP)

Regjeringa legg kvart fjerde år fram stortingsmeldinga om nasjonal transportplan. Denne skildrar utviklingstrekk og store prosjekt på veg, jernbane, kyst og lufthamn.

Gjeldande NTP vart vedteke i Stortinget i juni 2017, og har eit tidsperspektiv på 12 år, frå 2018 til 2030.

Nokre nøkkeltal for NTP:

  • Den totale ramma er på 933 mrd. kr for alle transportformer. Det er 30 prosent auke samanlikna med årleg ramme for den føregåande planen
  • Anslagsvis 131 mrd. kr av ramma kjem frå bompengar.
  • 536 mrd. kr er vegføremål i perioden.
  • Vegvesenet skal gjennomføre investeringar på 156 mrd.
  • Staten sitt bidrag til miljøvennleg transport i byområda er på 66,4 mrd.kr. Av dette set ein av 24. mrd. kr til store investeringsprosjekt: Fornebubanen i Oslo og Akershus, metrotunnel i Oslo, bybaneforlenging i Bergen, Superbuss i Trondheim og Bussveien på Nord-Jæren
  • I gjennomsnitt for heile 12-års perioden vil regjeringa opp på eit nivå for årlege løyvingar til vegformål på 44,7 mrd. kroner. Det er 9,5 mrd. kr. over dagens nivå (Nye Veier inkludert i tala). Det føreset ei gradvis opptrapping, der veksten er størst i andre seksårsperiode (2024–2029).

Handlingsprogram for 2018–2023

Når Nasjonal transportplan er vedteke i Stortinget utarbeider etatane kvar sine handlingsprogram som detaljerer satsingane. Det gjeldande er Statens vegvesen sitt handlingsprogram for perioden 2018–2023.

I seksårsperioden investerer Vegvesenet om lag 135 milliardar kroner fordelt på 50 store riksvegprosjekt. 30 vegprosjekt opnar i perioden.

Løyvingane til vedlikehald av vegnettet aukar med rundt 20 prosent. Mykje av auken vil gå til oppgradering av tunneler på riksvegane.

28 milliardar kroner vert satsa på miljøvennleg transport i dei ni største byområda.

Løyvingane skal auke mest i den andre seksårsperiode (2024–2029).

Forskning og utvikling

Statens vegvesen igangset og gjennomfører anvendt forsking. Forskinga føregår i tett samspel med utførande forskingsinstitutt eller universitet. Statens vegvesen kan også som byggherreorganisasjon teste resultata i fullskala.

Verksemdstrategi

Vegvesenet vedtok i 2017 ein ny verksemdstrategi som skal gjere etaten i stand til å levere gode framtidsretta tenester i ein periode med store endringar. Strategien peikar ut områda der etaten har eit særleg utviklingsbehov og skal tydeleggjere Vegvesenet si framtidige rolle.

Vegvesenet har tre kjerneområde: veg, transport, trafikant og kjøretøy. Ut frå kjerneområda har etaten formulert fem overordna mål:

  • Tilrettelegge for framtida sitt transportsystem
  • Utvikle og ta vare på vegnettet på ein profesjonell måte
  • Bidra til trygge trafikantar og sikre køyretøy
  • Fremje berekraft og redusere klimagassutslepp
  • Styrke gjennomføringsevne

Veghistorie og Norsk vegmuseum

Statens vegvesen har ansvar for å ta vare på eigne kulturminner. Vegkulturminna i form av gamle vegar og bruerviser utviklinga i teknologi på ulike fagområde. Dei gir folk gode opplevingar for rekreasjon og sporar til undring og ettertanke. Statens vegvesen har utarbeidd sin eigen Nasjonal verneplan for veger, bruer og vegrelaterte kulturminner.

Norsk vegmuseum er eit av dei største teknisk industrielle musea i Noreg. Museet har fleire tusen kvadratmeter innandørs utstillingar, ein stor museumspark og ein over 200 meter lang bergtunnel med fjellsprengingshistorie. Museet er næraste nabo til Hunderfossen FamilieparkFåberg og har gratis inngang. Museet er svært populært hjå alle som har interesse for store maskiner, bilar, motorsyklar og veghistorie. Vegdirektoratet, som har nasjonale ansvar for norsk veghistorie, eig og driv Norsk vegmuseum.

Norsk vegmuseum opna i 1992, og er etatsmuseum for Statens vegvesen.

Historie

Opphavleg låg ansvaret for vegar under juristane i Justisdepartementet, inntil Frederik Stang i 1846 oppretta ein stilling som vegassistent under Indredepartementet. Målet var å få meir fagkunnskap, men utan å flytte ansvaret for vegane for langt vekk frå dei politiske avgjerdene i departementet.

Den fyrste vegassistenten vart ingeniørkaptein H.K. Finne. Dei neste to tiåra gav ein kraftig auke i staten sitt bidrag til vegutbygging. Finne vart i 1852 etterfylgd av ingeniøroffiser Christian Vilhelm Bergh i eit nytt vegingeniørkontor i Indredepartementet.

Eit eige vegdirektorat kom fyrst i 1864, etter lang tids kamp frå ingeniørane. Christian Vilhelm Bergh vart der den fyrste vegdirektøren.

Vegdirektoratet har sidan vore plassert under Arbeidsdepartementet 1885–1944, Trafikkdepartementet 1944–1945 og Samferdselsdepartementet 1946–.

Andre verdskrigen

Statens vegvesen samarbeidde med den tyske okkupasjonsmakta under andre verdskrigen. Dette styrkte den norske infrastrukturen, men mange av dei som bygde dei nye vegane var krigsfangar som ofte arbeidde under svært dårlege vilkår, og fleire av dei døydde. Vegvesenet vart ikkje granska etter at krigen tok slutt.

Kort tid etter angrepet på Noreg 9. april 1940 vart Vegvesenet vitja av ein tysk offiser som gav dei ordre om å setje i stand vegane så fort som mogleg. Vegvesenet vart styrt av Reichskommissariat Norwegen frå mai 1940. Heinz Klein, som hadde ansvar for vegarbeid i rikskommisariatet, kjende vegdirektør Andreas Baalsrud frå før krigen, då Klein hadde vore på vitjing i Noreg. Rikskommisariatets leiar Josef Terboven sørga for arbeidskraft til vegutbygging i form av krigsfangar frå Jugoslavia. Mange av desse døydde under arbeidet, noko som har gitt E6 mellom Botn og Saltnes kallenamnet «Blodvegen».

Okkupasjonsmakta rekna Vegvesenet og direktør Baalsrud for å vere svært samarbeidsvillige. Det er likevel sannsynleg at Baalsrud fekk beskjed frå London om å sørge for at stillinga som vegdirektør ikkje vart overtatt av ein nazist, noko som kunne ha gjort tilhøva verre. Likevel kan fleire av arbeida til Vegvesenet under krigen reknast som krigsviktige, altså viktige for den tyske innsatsen. Det er også mogleg at Baalrud vart utsett for mykje press. Det er tatt vare på få dokument frå krigen i arkiva til Vegvesenet, og samarbeidet deira med okkupasjonsmakta har vore lite snakka og skrive om.

Vegdirektørar

  • 1864–1874: Christian Wilhelm Bergh
  • 1874–1903: Hans Hagerup Krag
  • 1904–1918: Johan Skougaard
  • 1919–1945: Andreas Baalsrud
  • 1945–1948: Arne Korsbrekke
  • 1948–1962: Thomas Offenberg Backer
  • 1962–1980: Karl Olsen
  • 1980–1992: Eskild Jensen
  • 1992–2007: Olav Søfteland
  • 2007–2019: Terje Moe Gustavsen
  • 2019– : Ingrid Dahl Hovland

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

Statens Vegvesen OrganiseringStatens Vegvesen VerksemdStatens Vegvesen HistorieStatens Vegvesen VegdirektørarStatens Vegvesen KjelderStatens Vegvesen BakgrunnsstoffStatens VegvesenSamferdsledepartementet

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

OrMP3LofotenDonald TrumpSixteen TonsGrønFridomssosialismeMidsommarEmma WatsonSpaniaBoge i arkitekturenDigital object identifierArsenal FCCharlène av MonacoMetéora i TríkalaVendlandSvart kattOboKristopher SchauPliktetikkTausFinnøy23. aprilBloggRussisk litteraturIranValdresAkslaSamleieSilje NordnesPåhengsmotorVerdas lengste skihoppEØSPer PaustFranz LisztDet ukrainske alfabetetGrunnstoffet tinnCoca-ColaJern1. divisjon fotball for mennJordbruksrevolusjonenInsulinHellasVM i fotball 2022Samisk kulturAlderspensjonInflasjonKrag-Jørgensen-riflePhobos i gresk mytologiAdministrativ inndeling i HellasDet nederlandske koloniriketPungrevSymbol i hinduismenVerkstadLamíaCelsiusCarles PuigdemontGuvernement i OmanTonsillUkrainaLuciano PavarottiAndre pinsedagClaus JervellTysklandDigitalAstrid LindgrenJorvikVoss heradMoldedialektIsaac NewtonYuan-dynastietMahatma GandhiDet internasjonale fonetiske alfabetetGhanaBergen🡆 More