Politiet i Noreg er ein riksdekkjande politi- og lensmannsetat som er lagd under Justis- og beredskapsdepartementet.
Denne artikkelen treng oppdatering. |
Politiet i Noreg | |||
| |||
| |||
Org.form | Organisasjonsledd | ||
---|---|---|---|
Org.nr. | 915429785 | ||
Skipa | 1937 | ||
Eigar | Justis- og beredskapsdepartementet | ||
Morselskap | Politidirektoratet | ||
Dotterselskap | Kripos, Oslo politidistrikt, Politihøgskolen, Utrykkingspolitiet, Økokrim, Beredskapstroppen, Bombegruppa | ||
Hovudkontor | Oslo | ||
Land | Noreg | ||
Styreleiar | Benedicte Bjørnland (2019) | ||
Nettstad | politiet.no |
Politiet har som hovudoppgåver å oppretthalde alminneleg orden, forebygge og hindre straffbare handlingar, beskytte borgarane og deira lovlydige verksemd og å etterforske lovbrot. Politiet utfører òg fleire spesialoppgåver, som organisering av reddings- og leiteaksjonar, utskriving av pass, framandekontroll, trafikktryggleiksarbeid og kontroll av våpensal. Politiet i Noreg ber vanlegvis ikkje skytevåpen, men kan etter løyve frå politimeisteren vepne seg på farlege oppdrag.
Politi- og lensmannsetaten omfattar:
Politidisktrikta vert leia av ein politimeister. Politidistrikta er sett saman av politistasjonar, lensmannskontor og namsfogdkontor. Politistasjonar vert leia av ein politistasjonssjef og har geografisk ansvar for eit politistasjonsdistrikt. Lensmannskontor, som er leia av ein lensmann, har både politioppgåver og sivile oppgåver. Politistasjonar har politioppgåver og kan også ha ansvar for sivile oppgåver. Namsfogdkontor, som er leia av ein namsfogd, har berre sivile oppgåver.
Talet på politidistrikt har vorte redusert. Tabellen nedanfor viser noverande og tidlegare politidistrikt.
# | Før 2002 | # | 2002–2016 | # | 2016– |
---|---|---|---|---|---|
1 | Oslo politidistrikt | 1 | Oslo politidistrikt | 1 | Oslo politidistrikt |
2 | Asker og Bærum politidistrikt | 2 | Asker og Bærum politidistrikt | ||
3 | Halden politidistrikt | 3 | Østfold politidistrikt | 2 | Øst politidistrikt |
4 | Sarpsborg politidistrikt | ||||
5 | Fredrikstad politidistrikt | ||||
6 | Moss politidistrikt | ||||
7 | Follo politidistrikt | 4 | Follo politidistrikt | ||
8 | Romerike politidistrikt | 5 | Romerike politidistrikt | ||
9 | Kongsvinger politidistrikt | 6 | Hedmark politidistrikt | 3 | Innlandet politidistrikt |
10 | Hamar politidistrikt | ||||
11 | Østerdal politidistrikt | ||||
12 | Gudbrandsdal politidistrikt | 7 | Gudbrandsdal politidistrikt | ||
13 | Vestoppland politidistrikt | 8 | Vestoppland politidistrikt | ||
14 | Ringerike politidistrikt | 9 | Nordre Buskerud politidistrikt | 4 | Sør-Øst politidistrikt |
15 | Drammen politidistrikt | 10 | Søndre Buskerud politidistrikt | ||
16 | Kongsberg politidistrikt | ||||
17 | Nord-Jarlsberg politidistrikt | 11 | Vestfold politidistrikt | ||
18 | Tønsberg politidistrikt | ||||
19 | Sandefjord politidistrikt | ||||
20 | Larvik politidistrikt | ||||
21 | Telemark politidistrikt | 12 | Telemark politidistrikt | ||
22 | Skien politidistrikt | ||||
23 | Notodden politidistrikt | ||||
24 | Rjukan politidistrikt | ||||
25 | Kragerø politidistrikt | ||||
26 | Arendal politidistrikt | 13 | Agder politidistrikt | 5 | Agder politidistrikt |
27 | Kristiansand politidistrikt | ||||
28 | Vest-Agder politidistrikt | ||||
29 | Rogaland politidistrikt | 14 | Rogaland politidistrikt | 6 | Sør-Vest politidistrikt |
30 | Stavanger politidistrikt | ||||
31 | Haugesund politidistrikt | 15 | Haugaland og Sunnhordland politidistrikt | ||
32 | Bergen politidistrikt | 16 | Hordaland politidistrikt | 7 | Vest politidistrikt |
33 | Hordaland politidistrikt | ||||
34 | Hardanger politidistrikt | 17 | Sogn og Fjordane politidistrikt | ||
35 | Sogn politidistrikt | ||||
36 | Fjordane politidistrikt | ||||
37 | Sunnmøre politidistrikt | 18 | Sunnmøre politidistrikt | 8 | Møre og Romsdal politidistrikt |
38 | Nordmøre politidistrikt | 19 | Nordmøre og Romsdal politidistrikt | ||
39 | Romsdal politidistrikt | ||||
40 | Trondhjem politidistrikt | 20 | Sør-Trøndelag politidistrikt | 9 | Trøndelag politidistrikt |
41 | Uttrøndelag politidistrikt | ||||
42 | Inntrøndelag politidistrikt | 21 | Nord-Trøndelag politidistrikt | ||
43 | Namdal politidistrikt | ||||
44 | Helgeland politidistrikt | 22 | Helgeland politidistrikt | 10 | Nordland politidistrikt |
45 | Rana politidistrikt | ||||
46 | Bodø politidistrikt | 23 | Salten politidistrikt | ||
47 | Narvik politidistrikt | 24 | Midtre Hålogaland politidistrikt | ||
48 | Lofoten og Vesterålen politidistrikt | ||||
49 | Troms politidistrikt | 25 | Troms politidistrikt | 11 | Troms politidistrikt |
50 | Senja politidistrikt | ||||
51 | Vestfinnmark politidistrikt | 26 | Vestfinnmark politidistrikt | 12 | Finnmark politidistrikt |
52 | Vardø politidistrikt | 27 | Østfinnmark politidistrikt | ||
53 | Vadsø politidistrikt | ||||
54 | Sør-Varanger politidistrikt |
Den sentrale leiinga av politiet låg i Justis- og politidepartementet som vart oppretta i 1818. Før politilova av 1936 var det ei blanding mellom kommunal og statleg politi. Politileiarar (politimeisterane) var statlege medan betjentar og konstablar var kommunalt lønna. Ofte hadde politiet fleire oppgåver enn i dag slik som leiing av brannvesen, byggevesen og hamnevesen.
Politiskulen vart oppretta i 1919 som det første sentrale politiorganet. «Statspolitiet» vart oppretta i 1932 som eit sentralt organ for operativ teneste. Politiloven av 1927 innførte einskapleg politiordning for heile landet, men utgiftene var framleis i stor grad lagt på kommunane.
Ved politilova av 1936 var det ein hovuedsak at politiet fullt ut skulle vera statleg. Rolla til kommunane etter den gamle politiordningen ga uklare ansvarsforhold. Lova medførte likevel ein refusjonsplikt for kommunane til staten for deler av politiutgiftene, men utan at dette rokka ved prinsippet om det statlige politi. Lova forbaud òg «frivillige ordensvern» som etter kvart hadde vorte eit alvorleg problem i lys av politiske rørsler og sosial uro på denne tida. Utrykningspolitiet vart oppretta og vart i starten brukt mellom anna ved opprør. Lensmenn og lensmannsbetjentar kom i liten grad inn under den nye lova anna enn at lensmannen vart gjeve leiinga av politiet på landsbygda.
Den såkalla «nærpolitireforma» i januar 2016 førte til at talet på politidistrikt blei redusert frå 27 til 12.
Politiet har tradisjonelt vore mannsdominert, men kvinner har i dag i stor grad kome inn i politiet. Den første kvinnelege politibetjenten i Noreg vart tilsett i 1910. I 2010 var 21 % av dei politiutdanna kvinner, men om lag 40 % av dei opptekne på grunnutdanninga ved Politihøgskulen var kvinner. Av juristane i etatane er det 40 % kvinner. I administrative stillingar var 74 % kvinner.[treng kjelde]
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Politiet i Noreg, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.