Leikanger er ein tettbygd stad og ei bygd i Sogndal kommune i Sogn.
Saman med Hermansverk dannar Leikanger ei bygd med meir eller mindre samanhengande busetnad som vert kalla Systrond. Systrond eksisterer rett nok ikkje som offisielt namn og Statistisk Sentralbyrå nyttar nemninga Hermansverk/Leikanger om den delen av bygda som tilfredsstiller deira krav til omgrepet tettstad. Bygda er sete for Sogn og Fjordane fylkeskommune og for Fylkesmannen i Sogn og Fjordane som held til i Statens hus Sogn og Fjordane (offisielt lokalisert til Hermansverk) som vart opna av moderniseringsminister Morten Andreas Meyer i mai 2005. Til saman bur det drygt 2 100 innbyggjarar på Systrond.
Leikanger | |||
stad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Sogndal | ||
Postnummer | 6863 LEIKANGER | ||
Innbyggjarnamn | Utaføring (felles for kommunen: Systrending) | ||
Preposisjon | På Leikanger | ||
Leikanger 61°11′08″N 6°48′16″E / 61.185555555556°N 6.8044444444444°E |
Hermansverk har i løpet av dei siste par tiåra teke over dei aller fleste sentrumsfunksjonane i bygda, og i dag (2007) er ein av dei viktigaste funksjonane på det gamle Leikanger sentrum (Hanehaug) kaien som har anløp av ekspressbåten mellom Sogn og Bergen Ein annan viktig funksjon er Leikanger Fruktlager, samtidig ligg det òg bilverkstad, hotell og bilverkstad her.
Namnet Leikanger er opphavleg knytt til kyrkjestaden om lag ein kilometer aust for kaiområdet i retning Hermansverk, og namnet kjem av norrønt leik (kamp, leik) og vangr (slette, vang), noko som kan tyda på at staden har vore ein sentral møteplass i tidlegare tider der ein kanskje har møttest til idrett og eller tvekamp. Det er elles rike fornminnefunn frå både jarnalder og vikingtid i bygda.
Sogn Avis har hovudkontor på Leikanger.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Leikanger, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.