Krigsfange

Krigsfange er ein soldat som er teken til fange av fiendtlege styrkar under eller like etter ein væpna konflikt.

Krigsfange
Krigsfangar frå Austerrike-Ungarn i Russland under første verdskrigen, fotografi av Sergej Prokudin-Gorskij

Krigsfangar er verna gjennom internasjonale lover som skal sikre at fangane vert handsama på ein human måte. Denne lova trer i kraft så snart ein stridande person er teken til fange, og lova er verksam inntil personen ikkje lenger sit i fangenskap. Blant dei viktigaste reglane er at ein fange ikkje kan utsetjast for noka form for tortur, og at dei ikkje kan tvingast til å oppgje meir informasjon enn sitt eige namn, fødselsdato, militær grad og tenestenummer dersom noko slikt finst. Uvæpna ikkje-stridande som vert tekne til fange under ein væpna konflikt vert ikkje rekna som krigsfangar, men desse er verna av andre lover. Grove overgrep mot krigsfangar vert klassifiserte som eit krigslovbrot.

For å kunne bli rekna som krigsfange må fangen ha tatt del i militære operasjonar i høve til krigen sine lover og reglar. Fangen må vere ein del av dei militære styrkane til eit land, bere uniform og bere våpen openlyst. Terroristar, gerilja-soldatar og spionar kan derfor ikkje reknast som krigsfangar i normal forstand. Dette vert ikkje alltid handheva like strengt overalt, då terroristar og gerilja-soldatar sjeldan brukar ein lett gjenkjenneleg uniform, men dei kan likevel få innvilga status som krigsfange.

I ein del tilfelle vert mangelen på uniformer hos irregulære grupperingar oppvege ved at dei ber armbind eller eit anna gjenkjenneleg merke. Årsaka til desse krava er at det er i strid med krigslovene dersom dei stridande vekslar mellom militær og sivil status. Dei må vere anten det eine eller det andre. Dette er for å verne den sivile folkesetnaden på best mogeleg måte. At soldatar forkler seg som sivile er eit krigslovbrot.

Kjelder

Tags:

SoldatVæpna konflikt

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

GroßpetersdorfMaiKirgisistanApparatturnPyramidekabalDusjanbeAppelsinIndonesiaBitcoinNazismeChampions League27-årsklubbenGolden GlobeHepatitt C-virusVaktlarTone Wilhelmsen TrøenMalleFasanVM i skiskyting 2020Atomubåtar som har gått nedTrude DrevlandPotemkins kulisserDr. JohnNordmøreSteve StevensHalsHallgeir BrendenPrince Edward IslandDen europeiske unionenSofie MarhaugVM i skiskyting 2021HeinoGaukHar SedomBibelbeltetGe'ezCascadaGuvernørInnsjøar i SverigeEinar SagenBjørnVårsøgHurtigrutaAbelkonkurransenVevelstad kommuneEselSlaget ved SvolderBuddhismenFred AstaireMarilyn MonroeDen store brennevinsdagenNorskAC/DCQawah2022Skirennaren Jo EggenSjokoladen HobbyTorpoRichterskalaenDanica PatrickKlubbeSlaget om StalingradMusvåkElvis PresleyISBNAkslaEPA-traktorVolda kommuneDanderydMitokondriumStorfuglThe KidsWashington County i OregonSauDet indiske kastesystemet🡆 More