Splitterne: Fugleart

Splitterne (Thalasseus sandvicensis) er ein kystfugl i måsefamilien, Laridae, med utbreiing hovudsakleg i Afrika og Europa.

Splitterne
Thalasseus sandvicensis i Northumberland, England Foto: MPF
Thalasseus sandvicensis i Northumberland, England
Foto: MPF
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av splitterne
Utbreiinga av splitterne
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Underorden: Lari
Familie: Måsefamilien Laridae
Slekt: Thalasseus
Art: Splitterne T. sandvicensis
Vitskapleg namn
Thalasseus sandvicensis
Latham, 1787

Dei er noko større enn til dømes makrellterne og har meir rufsete fjører på hovudet.

Skildring

Dette er ei mellomstor, lys terne med svart hette, nokså langt, smalt nebb og lange venger. Undersida er heilt kvit, oversida bleik grå. Farge på bein og nebb skil seg med underart, i Eurasia og Nord-Amerika er nebbet svart med lysegul tupp, i Sør-Amerika vil heile nebbet vere gult. Oftast er beina svarte, men kan vere gule. Kroppslengda er 36 til 40 centimeter, kroppsvekta kan variere så mykje som mellom 130 og 300 gram, dei største fuglane finst i Amerika. Dette er ein maritim art som lever ved kystar i varmt temperert til tropiske klima. Storparten av populasjonane er flyttfuglar.

Utbreiing og taksonomi

Taksonomien for splitterna har vore uklar og arten har lenge ført opp i slekta Sterna.

Utbreiing i Afrika og Eurasia:

IOC World Bird List, versjon 11.2 (2021), skildrar i tillegg Thalasseus acuflavidus, eng: Cabot's Tern, (Cabot, S, 1847) som eit artstakson med følgjande underartar:

Birds of the World, Cornell Lab of Ornithology skildrar splitterne som eit artstakson inkludert Thalasseus acuflavidus i Amerika.

Økologi og status

Splitterner beitar ved kystar eller hav på fisk som kan vere opp til 15 centimeter lange. Fisken kan vere av ulike artar, inkludert artar i ansjosfamilien, sardinfamilien og flygefisk. Dei kan supplere med anna marint føde som små krepsdyr og makk frå mudderbankar, og nokre gonger fugleungar som til dømes av avosettar. Som andre terner i Thalasseus-slekta stupdukkar splitterner frå stor høgd, rundt rekna opptil 10 meter.

Dette er kolonihekkarar, og dei hekkar ofte nær andre terneartar og måseartar. Storleiken på hekkekolonien er oftast under 1000 par, og opptil 4000 par. Til dømes var ein koloni nord for Esbjerg på 3300 par i 2006. Kullet er typisk på to egg, men kan vere på eit eller tre. Ungfuglar startar vanlegvis hekking først når dei er fire år og levealderen kan bli meir enn 20 år.

Den globale populasjonen av splitterner overstig 200 000 individ. Utviklinga av populasjonen har variert over dei ulike leveområda, i Nordvest-Europa har han minka seinare år, til dømes i Danmark. og Storbritannia. BirdLife International reknar den globale populasjonen som stabil og livskraftig.

Galleri

Kjelder

    Referansar

Bakgrunnsstoff

Splitterne: Skildring, Galleri, Kjelder  Wiki Commons har multimedia som gjeld: Splitterne

Tags:

Splitterne SkildringSplitterne GalleriSplitterne KjelderSplitterne BakgrunnsstoffSplitterneAfrikaEuropaMakrellterneMåsefamilien

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

KasakhstanGrønlandsleiretDompapKongsberg SølvverkOperativsystemItaliaØrstaToyota Motor CorporationDigital object identifierNasjonaldyrBitcoinHol kommuneSigmaMosesSvaleurtIsraelSluddAlbaniaBedehuset Bethel på JudabergØstfold fylkeSandveGardasjøenEirik BrandsdalTrekanthandelDen etiopiske kalenderenAndalucíaJesusSvein Tore MarthinsenBerlinblokadenKrøllparentesBloggixjohOksygenAkershus festningGediminas KirkilasDiktBlandingSørøya i FinnmarkChristianiaPintSara SkjoldnesHaillBetasuppeSexyMjøsaGro DahleChancyKaptein SabeltannTønsberg kommuneSovjetunionenMorsdagFranklin D. RooseveltPeriferien Sentral-HellasTalordSoparAtle HansenKyle WalkerRådyrDen norske språkstridenKonflikten mellom Wergeland og WelhavenAliártos-ThespiésISOLagerthaReese WitherspoonPlaneten NeptunDomokósJournalistikkHypoteseSoppMS «Framstig»Cullinan-diamantenNasjonaldrikkHege TunaalHlíðarfjallFrey II🡆 More