Ystad er ein svensk by i Skåne län i landskapet Skåne, 55 km søraust for Malmö.
Han er administrasjonssenter for Ystad kommune og i 2020 hadde byen 20 105 innbyggjarar.
Ystad | |||
by | |||
| |||
Land | Sverige | ||
---|---|---|---|
Areal | 1 099 km² | ||
Folketal | 20 195 (31. desember 2020) | ||
Ystad 55°26′05″N 13°49′31″E / 55.434619741448°N 13.825365282235°E | |||
Wiki Commons: Ystad | |||
Han er eit handelssenter for det søraustlege Skåne med verkstads- og næringsmiddelindustri. Byen er òg eit veg- og jernbaneknutepunkt med ferjesamband til Rønne på Bornholm og Šwinoujście i Polen. Ystad er ein turist- og badestad og ein av dei best bevarte mellomalderbyane i Sverige med mange gamle bindingsverkshus. Mariakyrkja er frå kring 1200, medan Gråbrørklosteret er frå 1267. Ystad fekk bystatus på midten av 1200-talet.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Ystad, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.