Kateríni (gresk Κατερίνη) er ein by og ein kommune i periferieininga Piería i periferien Sentral-Makedonía i Hellas.
Kateríni Lokalt namn Κατερίνη | |
---|---|
Frå byparken i Kateríni | |
Geografi | |
Stad | Makedonía |
Koordinatar | 40°16′15″N 22°30′21″E / 40.27083°N 22.50583°E |
Areal | 682,4 km²
|
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining | Sentral-Makedonía Piería |
Hovudsete | Kateríni (56 961 innb.) |
Demografi | |
Folketal | 82 892 (2021) |
Folketettleik | 121,5 /km² |
Han ligg på Pieríasletta mellom Ólymbos og Thermaikósbukta i ei høgd på 14 m. Byen, som er ein av dei nyaste i Hellas, har om lag 57 000 innbyggjarar. Han ligg nær Thessaloníki, den nest største byen i Hellas og som har hjelpt utviklinga til Kateríni dei seinaste åra.
Kateríni ligg seks kilometer frå sjøen, og er eit populært turistmål. Strendene Korinós, Paralía og Olymbiakí Aktí er mykje brukte sumarstid. Fleire arkeologiske funn, som den antikke byen Dío og det venetianske slottet Platamónas, finst i området.
Bynamnet har sine røter i Katerina av Alexandria (Ajía Ekateríni), ein gresk-ortodoks martyr, som levde på 300-talet. Kateríni vart frigjord frå osmanarane 16. oktober 1912 under den første balkankrigen. Den tyske hæren tok byen 14. april 1941 og trekte seg ut tre år seinare.
Kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane
Dei seks tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.
Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen 82 892 innbyggjarar, medan kommunaleininga Kateríni hadde 62 742 og tettstaden med same namn 56 961 innbyggjarar.
Dei største byane og tettstadene i kommunen er:
Tettstad | Kommunaleining | Folketal 2011 | Folketal 2021 |
---|---|---|---|
Kateríni | Kateríni | 55 997 | 56 961 |
Korinós | Korinós | 3 487 | 3 115 |
Kallithéa | Paralía | 3 134 | 2 933 |
Perístasi | Paralía | 2 545 | 2 367 |
Svorónos | Kateríni | 1 948 | 1 842 |
Lófos | Pétra | 1 496 | 1 323 |
Andromákhi | Kateríni | 1 061 | 1 043 |
Paralía | Paralía | 1 124 | 928 |
Ritíni | Piérii | 1 138 | 890 |
Paleó Keramídi | Elafína | 890 | 795 |
Káto Miliá | Pétra | 869 | 776 |
Ganókhora | Kateríni | 799 | 656 |
Ájos Dimítrios | Pétra | 627 | 520 |
Néo Keramídio | Kateríni | 464 | 511 |
Káto Ájos Ioánnis | Korinós | 603 | 486 |
Moskhokhóri | Pétra | 516 | 462 |
Moskhopótamos | Elafína | 543 | 457 |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Kateríni, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.