Spermkval eller trollkval, Physeter catodon eller Physeter macrocephalus, er ein tannkval i spermkvalfamilien.
Spermkval | |
Spermkvalhoe | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Sårbar Utbreiinga av spermkval | |
Systematikk | |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Klauvdyr Artiodactyla |
Parvorden: | Tannkvalar Odontoceti |
Overfamilie: | Physeteroidea |
Familie: | Spermkvalfamilien Physeteridae |
Slekt: | Physeter |
Art: | Spermkval P. macrocephalus |
Vitskapleg namn | |
Physeter macrocephalus |
Han blir opp til 18 meter lang. Spermkvalen finst i så godt som alle verdshava, frå Ekvator til Arktis og Antarktis, helst i ope hav eller ved kontinentalsokkelen. Han var utsett for industriell kvalfangst på 1900-talet, men det vart òg driven omfattande fangst allereie før granatharpunen si tid, tilbake til 1712. Rundt 1950 nådde fangsten høgda, då det vart fanga opp til 25 000 dyr i året. Den kommersielle fangsten tok slutt i 1988. Etter dette har det blitt drive fangst i liten skala frå opne båtar i Indonesia. Den globale bestanden er høgst usikker, men iallfall over 100 000 individ. Spermkval kjem innom norske farvatn på næringsvandringar om sommaren.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Spermkval, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.