Nynorsk Nettleksikon er ei nemning på ulike prosjekt for å laga til leksikon på internett, redigert på nynorsk.
Eit argument for å laga til nynorske nettleksikon er at det er lenge sidan det er kome ut eit nynorsk leksikon i bokform. Siste store leksikon på nynorsk var Norsk Allkunnebok.
Nynorsk Wiki, som vart starta 31. juli 2004, er bygd opp etter Wiki-modellen. Det inneber at artiklane er skrivne på dugnad, og at alt innlagt stoff kan brukast fritt.
Allkunne er eit digitalt nynorsk oppslagsverk, drive av Allkunne AS. Oppslagsverket vart offisielt opna 20. oktober 2009. Tekstane er henta frå den nynorske kulturhistoria (i vid tyding), men på sikt vil det òg kome tekstar om andre emne.
På konferansen Nynorsk innhald på Internett i november 2004 vart det drøfta å setje i gang eit slikt prosjekt. I forprosjektet vert det lagt vekt på at det skal vera ein fast redaksjon som sikrar kvalitet og brukarvennlege løysingar. Forlaga Det Norske Samlaget og Cappelen er[treng kjelde] med på samarbeidet, men ein har kome fram til at det trengst stønad i tillegg. Ein reknar med at eit slikt leksikon vil vera eit pengemessig underskotsprosjekt, men argumenterer for at prosjektet vil vera kulturelt viktig. Den redaksjonelle profilen til prosjektet er det gjort greie for i ein rapport skrive av Oddmund Hoel, der det går fram at satsingfelta for det nynorske nettleksikonet bør vere:
Fleire politikarar har gått inn for at eit slikt prosjekt bør få særskilt pengestønad.
Saka om nynorsk nettleksikon vart særskilt teke med i Soria Moria-erklæringa, det politiske grunnlaget for regjeringa Stoltenberg II. «Regjeringen vil (...) stimulere til økt bruk av nynorsk i media, og bidra til finansiering av et nettbasert nynorsk leksikon.»
I sitt framlegg til statsbudsjett for 2006, sette regjeringa Stoltenberg av ei løyving på 1,5 millionar kroner til eit allment nynorsk leksikon på internett.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Nynorsk nettleksikon, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.