Norsk Allkunnebok

Norsk Allkunnebok er eit ti-bands nynorsk leksikon som vart utgjeve på Fonna Forlag i tida frå 1948 til 1966.

I tillegg kom det ut eit eige atlasband.

Redaktør for verket var Arnulv Sudmann. I redaksjonen elles sat Peder Galdal, Sivert Langholm, Kåre Tveito, Ragnar Øvrelid og Jostein Øvrelid. I alt bidrog om lag 350 medarbeidarar med artiklar til allkunneboka. Arbeidet var for ein stor del gjort utan betaling, rekna som kulturelt dugnadsarbeid. Etter estimat gjort ved Norsk Ordbok er Norsk Allkunnebok på ca. seks millionar ord.

Norsk Allkunnebok var det første norske leksikonet som vart utgjeve med signerte artiklar, der forfattaren står til ansvar for opplysningane.

Redaksjonen la vinn på å vekte norske tilhøve, ved å dra fram nytt tilfang frå bygdekunst og bygdesoge, arbeidsliv på bygdene, folkeliv og folkeminnegransking. Av næringsvegar la dei særleg vinn på å få med stoff om bygdenæringar som jordbruk, skogbruk og fiske. Innanfor norsk geografi har verket med alle norske poststader, dampskipstoppestader, telegrafstasjonar, kyrkjesokn, herad og byar; det har opplysningar om fjordar i Noreg, elvar, fossar, fjell, dalar, øyar og storgardar.

I siste bandet er det med ein bolk med tillegg og rettingar. Det store kommunebrigdet som gjekk for seg under utgjevingstida gjorde at mange artiklar om norske herad var vortne forelda før verket var ferdig, og det vert kort greidd ut om bakst i siste bandet.

Arbeidet med allkunneboka var eit nybrottsarbeid, på mange område måtte redaksjonen finne fram til ein nynorsk terminologi der det før var heilt urydda mark. Økonomiske vanskar hos forlaget gjorde at særleg dei to siste banda vart skadelidande.

Inndeling av banda

«drukning, kjøving når munn og nase kjem under vatn slik at det stengjer for luftpassasjen. Med det same det kjem vatn ned i dei øvre luftvegane, stoppar ein reflektorisk å puste. Men etter nokre få minutt gjer skorten på nøre ein medvitslaus, og ein pustar inn på nytt. Det fører til at ein større el. mindre del av luftvegane og lungene blir fylte med vatn, og livet er sløkt. Ein som druknar kan ofte reddast med kunstig anding (s.d.). G. N-e.»

Lækjar Gunnar Nese
Norsk Allkunnebok, tredje bandet, kolonne 518

Leksikonet er oppdatert fram mot trykkedatoen, som er trykt på kvart legg, til orientering for lesarane. Inndelinga av banda er slik:

    I. bandet: A - Bennett, trykt frå 21. juni 1948 til 17. oktober 1949
    II. bandet: Bennett, W.S. - Clodius, trykt frå 17. november 1949 til 25. mai 1951
    III. bandet: cloisonné - epigonane, trykt frå 22. juni 1951 til 4. juni 1952
    IV. bandet: epigrafikk - Fyresdal, trykt frå 8. august 1952 til 22. juli 1953
    V. bandet: Fyresdalen - heimearb., trykt frå 17. november 1953 til 17. august 1954
    VI. bandet: heimebr. - Jondal, trykt frå 15. desember 1954 til 10. oktober 1955
    VII. bandet: Jondalen - Lausitz, trykt frå 17. januar 1956 til 11. mars 1957
    VIII. bandet: lauskar - Norheimsund, trykt frå 1. august 1957 til 6. mai 1958
    IX. bandet: Norig - skuld, trykt frå 12. januar 1959 til 23. februar 1960
    X. bandet: Skuld - Åvik, trykt frå 15. desember 1964 til 27. juni 1966
    Atlasband

Referansar

Bakgrunnsstoff

Norsk Allkunnebok i digitalisert form hjå Nasjonalbiblioteket

Søk i Norsk Allkunnebok

Tags:

Norsk Allkunnebok Inndeling av bandaNorsk Allkunnebok ReferansarNorsk Allkunnebok BakgrunnsstoffNorsk AllkunnebokAtlasFonna ForlagLeksikonNynorsk

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

EnzymSunnmøreMatriarkFader vårLofotenKattSirkelTiticacaAdolf HitlerOlivia RodrigoJonas Gahr StøreFylkesveg 62PolitiSilvia av SverigeKirkeristenh5mjdSenterpartietViotíaDet kommunistiske manifestetHadjAndalucíaCharlottenbergÅmot i ModumNitrogenSolgangsbrisAutoritetsdataJaran DammannHundBlandingProgrammeringsspråket JavaIndiaThessaliótidaJohannes KlæboVolda kommuneHans ØyMjøsaMidsommarReinFuruSaruq i OmanGaysirJohannes VermeerCascadaAlbaniaNoregEspen Barth EideKnut Jørgen Røed ØdegaardLinn UllmannClement Attlee2002ZevsMargaret SkjelbredSpice GirlsWayback MachineAristotelesJal i OmanSkhimatáriSteinBiologisk ordenValborgsmesseaftanHeerenveenSvake substantivElg i solnedgangRombeHollandDen muslimske verdaEuropiumChristmasøyaAndØstfold fylkeHelena BrodtkorbDei fem K-ane i sikhismenKattugleBook of Kells🡆 More