Volda er ein kommune i Møre og Romsdal med ca.
11 200 innbyggjarar. I nord- og austleg retning grensar Volda mot Ørsta kommune, i aust mot Stranda kommune, i sørleg retning mot kommunane Stad og Stryn, og i vest mot Vanylven kommune. Volda har sjøgrense mot Ulstein. Mellom Yksnøya i Volda og Eika i Ulstein er det berre 300 meter.
Volda kommune | |||
kommune | |||
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Møre og Romsdal | ||
Adm.senter | Volda | ||
Areal | 876,87 km² | ||
- land | 834,06 km² | ||
- vatn | 42,81 km² | ||
Folketal | 11 093 (1. januar 2024) | ||
Målform | nynorsk | ||
Ordførar | Sølvi Dimmen (Sp) | ||
Kommunenr. | 1577 | ||
Volda kommune 62°08′48″N 6°04′05″E / 62.14678°N 6.068°E | |||
| |||
Wiki Commons: Volda | |||
Nettstad: www.volda.kommune.no | |||
Volda kommune ligg ved Voldsfjorden, med kommunesenteret Volda på austsida og Folkestad på vestsida av fjorden. Voldsfjorden har tre sidearmar; Dalsfjorden med bygdene Velsvik, Lauvstad, Dravlaus, Innselset, Åmelfot, Steinsvik og Dale, Austefjorden med bygdene Hjartåbygda, Fyrde, Kalvatn og Høydal, og Kilsfjorden med bygdene Bjørneset, Straumshamn, Kile og Bjørkedalen. Frå Volda sentrum nordover langs Voldsfjorden ligg Morkabygda og lengst ute på Berkneshalvøya ligg Lid og Berkneset, og på andre sida av Vartdalsfjorden ligg Yksnøya.
I tettstaden Volda finn ein mellom anna Høgskulen i Volda med over 3000 studentar, i tillegg til sjukehus og høgteknologisk industri. Den lokale avisa i kommunen, Avisa Møre, er Noregs eldste lokalavis (1810).
Mork/Ekset er ein «forstad» til Volda og ligg ca. 3 km. vestover frå Volda sentrum, eit steinkast frå Ørsta/Volda lufthamn, Hovden. Noregs første trykkeri på landsbygda, Aarflots prenteverk (1808), låg her. I dag er det eit museum i Aarflotgarden som mellom anna inneheld gamle maskiner frå prenteverket.
Volda ferjeterminal er det einaste attverande ferjesambandet i Volda kommune, og knyter Folkestad på andre sida av Voldsfjorden i tillegg til Lauvstad i Dalsfjorden med Volda sentrum. Ferjeturen til Folkestad tar rundt 12 minutt, medan det går 25 minutt til Lauvstad.
Volda vart etablert som Volda formannskapsdistrikt i 1837. 1. august 1883 vart Ørsta skilt ut som og etablert som eigen kommune. Volda hadde då 3485 innbyggjarar, Ørsta 2070.
1. januar 1893 vart garden Ytrestølen i Ørsta med 13 innbyggjarar overført til Volda.
1. juli 1924 vart Dalsfjord delt frå som eigen kommune med 960 innbyggarar. Volda hadde 4715 innbyggjarar etter oppdelinga.
1. januar 1964 vart Dalsfjord igjen ein del av Volda kommune. Volda hadde på dette tidspunktet 6056 innbyggjarar og Dalsfjord 1151, slik at den nye Volda kommune totalt fekk eit innbyggjartal på 7207.
I juni 2017 vedtok kommunestyra i Volda og Hornindal at dei to kommunane skulle slå seg saman 1. januar 2020, med namnet Volda. Bygdene Bjørke og Viddal vart overført frå Ørsta kommune same tid.
Folketalsutvikling for noverande Volda kommune frå 1900:
1900 | 1.12.1920 | 1.12.1930 | 3.12.1946 | 1.1.1951 | 1.1.1961 | 1.1.1971 | 1.1.1981 | 1.1.1991 | 1.1.2001 | 1.1.2010 |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
4556 | 5690 | 5686 | 6149 | 6430 | 7013 | 7283 | 7975 | 8011 | 8322 | 8573 |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Volda kommune, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.