Nibiru, også referert til som Planet X, er ein anteken planetarisk lekam som har vorte hevda å kollidera med eller passera veldig nær jorda tidleg på 2000-talet.
Oppfatninga om at ein slik kollisjonskatastrofe kan ventast i nær framtid er ikkje støtta av vitskaplege bevis, og astronomer har avvist henne som pseudovitskap eller ein internettbløff.
Påstanden om Nibiru og den framtidige kollisjonen vart lagd fram i 1995 av Nancy Lieder, grunnleggaren av nettstaden ZetaTalk. Lieder hevdar å vera ein UFO-kontaktperson som er i stand til å motta informasjon frå innbyggarane i Zeta Reticuli-stjernesystemet via eit implantat i hjernen sin. Han hevdar at han har vorte vald til å åtvara menneskja om ein lekam som vil trenga seg inn i det indre av solsystemet, og forårsaka at rotasjonsaksen til jorda og polane plutseleg skiftar, og øydelegg det meste av menneksja. Han spådde først at dette ville henda i mai 2003, men han har sidan flytt spådommen sin til ein seinare dato. Spådommen har spreidd seg frå nettstaden til Lieder og til fleire dommedagsgrupper på internettet, derav dei fleste kopla han til 2012-fenomenet. Namnet «Nibiru» kjem frå verka til den gamle astronauten Zecharia Sitchin og tolkingane hans av babylonske og sumeriske mytar. Likevel nekta Sitchin sjølv for at verka hans hadde noko å gjera med påstandar om ein framtidig global katastrofe.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Nibiru, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.