Smak

Smak er ei evne til å kjenna att ulike stoff ved hjelp av tunge, gane og svelg, eller dei eigenskapane i mat eller drikke som gjev ein viss smak.

Smakssansen er ein av dei fem sansane saman med lukt, høyrsle, kjensle og syn. Det ein opplever som «smak» er ofte ei samla fornemming av det ein sansar når ein tek til seg næring, der særleg luktesansen verker saman med smakssansen.

Smak
Kokk under utdanning smakar mat under laging.
Foto: Estrella Herrera, Gobierno de la Ciudad de Buenos Aires

Smakssansen er knytt til eigne spesialiserte sanseceller, smaksceller, og til nervefibrar som leier informasjon frå smakscellene til eigne område i hjernen. Her blir informasjonen bearbeidd og tolka. Smakscellene, som sit i smakslaukar, er særleg rikeleg til stades langs randen og spissen av tunga, som dermed er dei mest følsame områda for smakskvalitet. Smakscellene har relativt kort levetid – omtrent 10 dagar – og blir stadig nydanna frå celler som ligg djupare i smakslaukane.

For at stoff skal kunna gje opphav til smak, må dei finnast i flytande eller opplaust tilstand, til dømes laust i spytt. Menneske kan oppfatta fem ulike grunnsmakskvalitetar: surt, søtt, salt, bittert og umami.

Talet på smaksceller avtar ein del med alder, og smakssansen blir tilsvarande svekka. Dette gjer at eldre personar kan oppleva mat som mindre smakfull enn i yngre år. Ageusi er ein tilstand der ein ikkje er i stand til å kjenna smak.

Sjå òg

  • Smaksstoff
  • Aroma
  • Lukt
  • Kulturell smak

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Smak  Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Smak

Tags:

GaneHøyrsleKjensleLuktSvelgSynTunge

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

BotanikkIndiahavetKristian IV av Danmark-NoregSamleieRepresentativt demokratiBCG-vaksine45Verdas landDesta Marie BeederVincent van GoghPortugalSarpsborg kommuneLisboaAdolf Hitler88Fiskeslaget aspEgyptSamisk kulturVulkanar i ItaliaMuskettkriganeRiftAgigeaØresundbruaFinland35KaraingrottaFuglarJon MicheletNasjonalrettBlackjackLascauxSjeherasadSoge1932Nordland fylkeFotballNorske bilandProfessor emeritusNotbåtPontius PilatusSnøfte SmithT. RexGreskMasud GharahkhaniNordsamiskDet britiske imperietTrekanthandelFransk29200536Planeten MarsCC AmfiJernSveitsMetanGrønlandKonstitusjonelt monarkiChatGPTMuslimsk tidsrekning43Bouvetøya21V1900-taletDetektivforteljingSkandinaviaBronkittDet latinske alfabetetMorten JentoftKroatiaÅtselKokepunktJemen19Minar-e-PakistanR🡆 More